Pass på - det er fredag den 13.

13.05.2022

Er du overtruisk? Da er kanskje ikkje fredag den 13. favorittdagen din, sidan denne dagen etter tradisjonen skal vere ein ulykkesdag.

Denne andre fredagen i mai 2022 fell altså på den 13. I løpet av eit år vil det alltid vere minimum ein fredag den 13.. Det er heller aldri meir enn tre. Dersom ein månad startar på ein søndag, vil den 13. kome på ein fredag. I 2022 er mai den einaste månaden som inneheld fredag den 13. Neste år dukkar ulykkesdagen opp i januar og oktober.

Det finst ingen dokumentasjon på at denne dagen er verre enn andre. Tvert imot kan fleire forsikringsselskap dokumentere at fredag den 13. byr på færre uhell enn alle andre datoar. Kanskje er det fordi at folk prøver å unngå bilkøyring denne dagen? Det seier soga ingenting om.

Talet 13 har langt attover i tid vore sett på som uheldig, da det er eit usymmetrisk oddetal. På Wikipedia les vi følgande:

Det er få kjelder som kan fortelje noko om kor gammal denne oppfatninga er. I Noreg er det ingenting som tyder på at dagen var rekna som uheldig før på 1800-talet. Det finst heller ikkje kjelder som kan fortelje korleis denne oppfatninga starta, men i kristen tradisjon har fredagen lenge vore sett på som ein uheldig dag fordi Jesus døydde på ein fredag. Langfredag har vore sett på som ein spesielt uheldig dag. Talet 13 har vore oppfatta som eit uheldig tal i mange kulturar fordi det er slikt eit usymmetrisk oddetal.

Folkloristar reknar oppfatninga om fredag den 13. til kategorien «kvardagsovertru», men det er neppe snakk om eigentleg folketru, heller konvensjonar og talemåtar. Desse tradisjonane inneheld også gjerne sine eigne opphavsforklaringar, ofte også ganske kuriøse. Av dei forklaringane som er knytte til fredag den 13. kan nemnast at kong Filip IV av Frankrike gav ordre om arrestasjon av alle tempelriddarane i landet fredag 13. oktober 1307.[1][2] Ei anna forklaring er at fenomenet heng saman med at Judas Iskariot var den trettande ved bordet under Jesu siste påskemåltid.

I enkelte land, som Spania og Hellas, er det tysdag (og ikkje fredag) den 13. som blir knytt til ulykke.

Sjølv har eg tenkt med ut på ein liten biltur i dag. Ifølge forsikringsselskapa er det altså ekstra trygt å køyre, sidan det er fredag den 13.. Det er likevel ein dårleg grunn til å legge om køyrevanane. I trafikken er det nok berre ein ting som gjeld, uansett dato: At ein brukar vett og forstand.