Pink Floyd si undervurderte

09.02.2021

Klassikaren og meisterverket Dark Side of the Moon (1973) ruver så kolossalt i Pink Floyd sin produksjon, at den på det næraste kastar skugge over alt det andre som gruppa laga. Eg har inntrykk av at mange har kun denne eine Pink Floyd-plata i samlinga si. Til det er å seie at dei slett ikke har gjort noko dårleg val. Men Pink Floyd har så mykje anna å by på. Derfor bør den som likar Dark Side of the Moon så absolutt også snuse på dei andre albuma.

Da bør det vere nærliggende å gå til Meddle, som etter mi meining er ei undervurdert plate. Albumet kom ut i 1971. For eigen del kjøpte eg ikkje LP'en før hausten 1974. Til gjengjeld var det stor stas da pakken frå England endeleg kom til postkontoret på Tingvoll, etter fleire veker med venting. Ja, slik var det på den tida. Med gunstig pundkurs var det mykje å spare på å bestille platene frå England. Men dei kom ikkje akkurat på dagen, for å seie det forsiktig. Ventetida kunne på sitt verste strekke seg opp imot ein månad. Men det gjorde ikkje noko. Venting og tolmod var enno ein naturleg del av livet.

Sjølv om Meddle i store delar har eit anna musikalsk uttrykk enn Dark Side of the Moon, er det ikkje vanskeleg å trekke trådar mellom dei to platene. Ikkje minst gjeld det 23 minutt lange Echoes, som på LP-utgåva dekker heile side 2. Echoes inneheld dei fleste musikalske ingrediensar som kjenneteiknar Pink Floyd: Ein fin, mollstemt melodi, lange instrumentalpassasjar der klangane er viktigare enn spektakulære soloprestasjonar, samt eit parti der melodi og rytme vert lagt til sides og erstatta med det ein kan kalle abstrakte lydmaleri. Kor mange gongar eg har spela Echoes dei siste 50 årene har eg ikke tal på. Men for meg er dette 23 magiske minutt, som eg aldri blir lei av å oppleve.

På Meddle er besetninga den klassiske: Roger Waters (bass, vokal), Nick Mason (trommer), Richard Wright (keyboards, vokal) og David Gilmour (gitar, vokal). Fire musikarar, som på sitt beste sette spor som aldri vil bli viska ut.

Richard Wright døydde i 2008.

Pink Floyd ga ut sin første LP, The Piper at the Gates of Dawn, så tidleg som i 1967. Frontfiguren i dei aller første åra var narkovraket Syd Barrett. Han forsvann etter kvart ut av bildet. Men sjølv om karrieren hans i Pink Floyd vart kort, er mykje av den suksessen som seinare skulle bli gruppen til del, tufta på dei geniale musikalske ideane som Syd Barrett tok med seg inn i bandet.

Det er mykje interessant å fordjupe seg i for den som vil bli kjent med Pink Floyd. Reisa frå dei psykedeliske og eksperimentelle platene i starten og fram til det siste studioalbumet, The Endless River (2014), er både lang og spennande.

Komplett oversyn over Pink Floyd sin produksjon finn du her.