Politisk jordskjelv i 1961

03.09.2021

Halvanna veke før også denne valkampen er historie, kan det passe å ta eit tilbakeblikk på stortingsvalet for seksti år sidan. Resultatet var eit lite jordskjelv, da Arbeiderpartiet for første gong etter krigen ikkje oppnådde reint fleirtal.

Ap klarte 74 mandat - Stortinget bestod da av 150 representantar - og Einar Gerhardsen vart tvinga til å regjere på det nye partiet Sosialistisk Folkeparti (SF) sin nåde. SF fekk inn to representantar på tinget, den Ap-ekskluderte og kontroversielle Finn Gustavsen frå Oslo og Asbjørn Holm frå Nordland, og sat dermed på vippen.

Etter ein opprivande strid om Ap sin utanrikspolitikk, som til slutt ga utbrytarpartiet SF som resultat i 1961, hadde nok Gustavsen og Holm eit stort behov for ikkje å gje Gerhardsen arbeidsro. I 1963 fekk dei høve til å vise musklar, og felte Ap-regjeringa på Kings Bay-saka.

John Lyng frå Høgre vart statsminister, men fekk sitte berre ein snau månad, før Gerhardsen igjen tok over. For dei borgarlege vart Lyng-intermessoet likevel eit bevis på at det var mogleg å utfordre Ap og danne regjering. Ved valet to år seinare mista sosialistane fleirtalet i Stortinget, og Per Borten danna si fireparti-regjering. Denne vart sittande til 1971.

Møre og Romsdal klarte ved valet i 1961 å behalde sine fire Ap-mandat frå perioden før. Elles hadde Mørebenken i perioden 1961-1965 denne samsetninga: Sp 1, H 1, V 2 og KrF 2.