Postkontora som forsvann

25.05.2021

I 2022 vil det vere kun seks postkontor att i Norge. Eitt av dei ligg i Longyearbyen, resten i Oslo. Frå å vere eit samlingspunkt i nær sagt alle krikar og krokar av dette landet, vart postkontoret gradvis ein serviceinstitusjon som verken kundane eller Postverket sjølv hadde bruk for. Når sjefane i Postverket mottok protestar frå fjern og nær kom dei ikkje per brev, men mest på telefaks.

Nokre tal henta frå Wikipedia viser ei utvikling som nesten kan verke brutal:

I 1950 var det 3641 postkontor (fordelt på 4771 poststader).
I 1960 var det 3656 postkontor (fordelt på 4853 poststader).
I 1970 var det 3040 postkontor (fordelt på 3514 poststader).
I 1980 var det 2724 postkontor (fordelt på 2909 poststader).

Den store omstillinga starta på 90-talet. Oppslaget frå avisa Glåmdalen gir eit godt bilde på korleis folk reagerte. Eg har sjølv vore med på å lage mange liknande oppslag. Det var ramaskrik og dommedagsprofeti overalt. Vart postkontora nedlagde kom ikkje folk til å treffe kvarandre meir, fråflyttinga ville skyte fart og bygder og grender skulle til slutt bli avfolka.

Mange utkantar i Norge slit med nedgang i folketalet. Men det vil vere ei svært avansert vitskapeleg øving å bevise at mangelen på postkontor, mange var opne berre nokre få timar midt på dagen, har skulda. Grunnane er heilt andre. Eg tenker ofte på Torjulvågen i samanhengar som dette. Der var det rabalder da først postkontoret, og deretter skulen, forsvann. I dag har bygda Tingvollost, som betyr uendeleg mykje meir for Torjulvågen enn kva skule og postkontor gjorde til saman. Nokon svarar på omstilling med kreativitet og pågangsmot. Andre gir opp.

Om nokon saknar postkontoret, må vel det først og fremst vere av nostalgiske grunnar. Datateknologi og Post i butikk gjev oss det vi treng - ja, mykje meir enn kva vi for eit par tiår sidan var i stand til å fantasere om.