60-årsjubileum for banebrytande presteordinering

19.03.2021

19. mars 1961 var ein merkedag for den norske kyrkja, da Ingrid Bjerkås vart ordinert som prest i Vang kyrkje av Hamar-biskop Kristian Schjelderup. Ingrid Bjerkås var Norges første kvinneleg prest.

Ordineringa skapte stor debatt, i ei tid da motstanden mot kvinnelege prestar var sterk. Også i bispekollegiet rådde det ulike syn i saka. Fleirtalet var motstandarar av kvinnelege prestar.

Seks av biskopane kom med ei erklæring der dei tok prinsipielt avstand frå kvinnelege prestar. Biskopane viste til Bibelen, og nekta å samarbeide med ein kvinneleg prest. Dei hevda også at prestar og lekfolk burde kunne boikotte Ingrid Bjerkås. Fleire av dei kristelege organisasjonane som var tilknytta kyrkja kom med liknande opprop, og konservative prestar trua med aksjonar.

Ingrid Bjerkås var 60 år da ho vart ordinert som prest. Ei mindre kjent side ved denne foregangskvinna er kanskje for mange at ho var aktivt med i motstandsarbeidet under krigen. Ho vart arrestert i 1943, og sat på Grini fram til like før krigen var over.

I 2021 er halvparten av dei norske biskopane kvinner. Verda har endra seg. I denne samanhang vil vel dei fleste også meine at ho har gått framover.