Putin hengande etter føtene – hadde det vore noko?

25.03.2022

«Det er kanskje stygt av meg, men jeg hadde håpet at Putin kunne få samme skjebne som Italias diktator Mussolini. Han ble hengt opp etter føttene på torvet sammen med kona så folk fikk gå å spytte på de. Til underretning så var de dau, men Putin kunne de gjerne hengt opp levende for min del».

Kraftsalva ovanfor kjem frå ein av mine vener på Facebook. Språkbruken er lite human, for å seie det forsiktig. Samtidig er eg sikker på at utblåsinga set ord på det mange går rundt og kjenner på: Fortviling, sinne, frykt, avsky, resignasjon - og hat. Hat mot ein isolert og forvirra tusseladd, som i kraft av å rå over enorme atomvåpenarsenal får drive på med eit bestialsk spel der verdsfreden ligg i potten.

Wikipedia definerer hat slik: «Hat er en intens følelse av uvilje overfor en person, en gjenstand, et sted, en handling, et fenomen og så videre. Hat er ikke fornuftsstyrt, men kan være en blanding av andre følelser som avsky og forakt, svik og skuffelse».

Det er utfordrande å forhalde seg til den botnlause vondskapen som utspelar seg i Ukraina. Vegen til primitive og hevnfylte tankar er kort. Å bere på hat er ikkje sunt. Hat mellom menneske fører aldri til noko godt. Det høyrer ikkje eit sivilisert samfunn til. Slik sett bør vi, også for sjølvrespekten si skuld, halde oss for gode til å hate Vladimir Putin. Men eg skal ærleg innrømme: Det sit langt inne å la vere.

For min Facebook-ven rann det over. Det kom ei utblåsing rett frå levra. I den tida vi er i no, må det vere ei ærleg sak.

Denne fredagen regnar det i Bud. Det er heilt greit. Da slepp å eg å ha dårleg samvit for å halde meg inne. Etter ei drøy veke med korona, er kroppen framleis ikkje heilt på stell. Det kjennest best å vere i ro.

Men dette er verkeleg marginale problem i den store samanhengen. Alt blir bra. Ja, alt er eigentleg veldig bra. Eg kan gle meg til ein fredagskveld med fotballkamp og annan helgekos.

Eit privilegert liv. Det er nesten så ein skjemmest. Utan at det hjelper det minste - verken mot krig eller Putin.

Ha ei god helg. Og skulle du føle deg betre ved tanken på ein russisk diktator hengande etter føtene på eit torg, så la det stå til. Det er ikkje alt ein treng å fortelje til andre.