Ein dag for regjeringsskifte

17.03.2021

Ifølge primstaven er det Gjertrudsmesse 17. mars. I nyare tid har Norge skifta regjering to gonger på denne dagen.

Først primstaven. Wikipedia skriv om Gjertrudsmesse: Gjertrudsmesse, gjertrudsdagen eller byrkjedøgra den 17. mars er ein merkedag som opphavleg vart feira til minne om heilage Gjertrud, som levde på 600-talet som dotter til kong Pipin den eldre og var abbedisse i Belgia. Primstavmerket for dagen er ei pil, eit kors eller ei grein.

Etter norsk folketradisjon begynte bjørkesevja å stige denne dagen. Sju veker seinare ville bjørka ha lauv. Ei anna overlevering fortel at det gjerne var storm og uvêr denne dagen. I Solør sa ein om Gudmunds-dagen 16. mars at om det snødde då skulle Gudmund «legge rågån på kornkarrene». Om det framleis snødde dagen etter skulle Gjertrud «sope rågån av kornkarrene».

17. mars 1971 danna Trygve Bratteli (Ap) si første regjering, etter at Per Borten (Sp) hadde kasta korta tidlegare i månaden. I oktober året etter gjekk regjerings Bratteli av, etter at fleirtalet av folket hadde sagt nei til norsk EF-medlemsskap. Lars Korvald (KrF) tok over som statsminister. Denne regjeringa vart sittande til etter valet i 1973, da Bratteli igjen vart statsminister.

Jens Stoltenberg (Ap) vart statsminister for første gong på denne dagen i 2000. Regjeringsskiftet kom etter at Kjell Magne Bondevik hadde stilt kabinettspørsmål på den såkalla gasskraftsaka. Men Stoltenberg-regjeringa fekk ei kort levetid. Arbeiderpartiet gjorde eit historisk dårleg val i 2001, og Stoltenberg måtte gå av. Bondevik II-regjeringa vart danna, og sat heile perioden 2001-2005.