TV-overføringane frå NM nær ved å ryke

12.01.2022
Reinsfjellet sett frå Osmarka. På 60- og 70-talet heilt sikkert det mest omtala fjellet på Nordmøre.
Reinsfjellet sett frå Osmarka. På 60- og 70-talet heilt sikkert det mest omtala fjellet på Nordmøre.

Det vart TV-overføring frå langrenns-NM i Surnadal for 46 år sidan. Men like før meisterskapet såg det mørkt ut. Sendingane hang i ein tynn tråd.

Onsdag 14. januar kunne Tidens Krav melde at overføringane var i fare. Problemet var dei store snømengdene, som hindra mannskap frå NRK og Televerket i å kome seg til Reinsfjellet for å montere ein linkstasjonen. Denne var nødvendig for å sikre bildesambandet mellom Surnadal og Oslo.

Artikkelen fortel om ei reserveløysing, men denne ville ikkje ha vore god nok for å sikre stabile sendingar.

Men heldigvis endra veret seg. Sol og fine forhold gjorde at mannskapa dagen før rennstart kunne ta seg fram til Reinsfjellet med helikopter. Linksambandet vart oppretta, og Surnadal kunne vise seg fram for heile landet. I farger, til og med.