«Rokta»-forliset: Dramatiske døgn på Hustadvika

02.04.2022

Blant mange forlis på Hustadvika, er «Rokta»-forliset eit av dei mest kjente. «Rokta» gjekk ned ved Gallerskjera natt til 3. april 1938. Frå Bud har vi fri sikt til Gallerskjera, som ligg om lag seks sjømil unna oss ute i havet.

Det finst mykje litteratur om forliset, som interesserte kan fordjupe seg i. Kort fortalt er historia denne:

DS «Rokta» var på veg frå Alta til Leith i Skottland med skifer. Båten gjekk frå Alta 30. mars. Da dei tok ut frå Kristiansund om kvelden laurdag 2. april, var det sendt ut varsel om storm og snø. Offserane om bord vurderte ei stund å gå inn til Kristiansund og vente på betre ver, men bestemte seg seg til slutt for å fortsette over Hustadvika. Det skulle bli ei skjebnesvanger avgjerd. Klokka 03.15 natt til søndag gjekk «Rokta» på eit skjer, og sprang lekk. Ein av mannskapet på tolv kom seg om bord i ein livbåt. Han vart seinare funne død i livbåten.

«Rokta» hadde ikkje utstyr til å påkalle hjelp frå land. Da båten vart oppdaga om morgonen, vart det sett i gang ein stortstilt og farleg redningsaksjon. Veret var så dårleg, at redningsskøyta «Christian Bugge» først om morgonen 4. april kom så nære havaristen at dei kunne fastslå at det var levande menneske om bord. På dette tidspunktet var «Rokta» delt i to. Fremste delen av skipet hadde sokke i havet, medan akterenden, der folket oppheldt seg, var på veg til å gli av skjeret.

Omtrent samtidig med at redningsmennene kom fram til «Rokta», sklei akterenden av båten av skjeret. Elleve mann måtte hoppe i sjøen. Åtte vart berga om bord i redningsbåtane, men to av dei omkom. Dei tre siste forsvann i sjøen og vart ikkje funne. Blant dei var kapteinen på «Rokta». Under redningsaksjonen vart doryen (ein mindre, open bot for årer) treft av en kraftig brottsjø og nesten slått rundt, men båten klarte seg såvidt. Like etter vart føringsbåten slått rundt av ein annen brottsjø, og alle dei åtte om bord hamna i sjøen. To av dei åtte omkom, dei andre vart berga.

Halvparten av «Rokta» sitt mannskap på tolv omkom. I tillegg mista to av dei rundt 90 personane som deltok i redningsaksjonen livet.

Redningsskøyta «Christian Bugge» var den første i Norge som var utstyrt med radiotelefon. Dette gjorde at heile Norge kunne følge redningsaksjonen på radio - time for time.

Diktaren Arnulf Øverland vart inspirert til å skrive diktet «Sjøfolkene på Hustadvika» av det han høyrde. Eit par av versa går slik:

Der kom en melding fra Bjørnesund:
Inatt var det gått et skip på grunn.
Skøiter og fiskebåter gikk ut.
Havet lå som en rykende grut.

De gjorde den nesten umulige ting
å seile tvers gjennom bråttenes ring
og fiske opp av det skumgrønne kavet
menn som var tatt av havet!