Romjula - verken ørk eller helg

28.12.2021

Romjula er ei triveleg tid. Eg har alltid likt desse dagane mellom jul og nyttår. Ikkje er det helg, og ikkje er det ørk. Berre ei slags blanding, prega av avslapping, sosialt samvær og nødvendige gjeremål.

Denne delen av jula er også kalla mellomjul eller romhelg. Ordet kjem av det norrøne rúmheilagr, som betyr ikkje heilag etter lova. I eldre tid var dette som regel tida mellom andre juledag og trettandedag 6. januar. I nyare tid reknar ein gjerne med at romjula sluttar ved nyttårsdag 1. januar.

I ungdomstida var romjula ein «travel» periode. Før i tida var det dansefestar på bygdene kvar romjulskveld. Finalen var festen i Bondehuset i Stangvika 1. nyttårsdagskvelden, enten det var helg eller kvardag etterpå. Den lange rekka med festar tok på for dei som var så ambisiøse at dei skulle ha med seg alt.

Ein gammal skikk som er knytta til romjula er å gå julebukk. I dag er det helst ungar som driv med slikt, men i eldre tid var dette ein aktivitet for folk i alle aldrar. Julebukkane skulle vere utkledde til det ugjenkjennelege. Dei som fekk besøk skulle så prøve å gjette kven som skjulte seg bak forkledinga. Ikkje sjeldan fekk store julebukkar servert ein dram.

Alf Prøysen si skildring av romjula og julebukkgangen i visa «Romjulsdrøm» er både vakker og nostalgisk. Dei to siste vera er slik:

Så sku vi klampe inn på høge hæler
Og kvinke julbokkmål: «Godkvell, godkvell».
Og djupt i stolen sku a bæssmor svara:
Så kom det julbokk åt en stakkar lell!"

En skulle vøri fire år i romjul'n
Da julelysa brente dagen lang.
Da væla var et hus med fire vegger,
Og saligheta var et bessmorfang.