Låg med 15-åring og fekk kaffe på senga

17.01.2022

På ein grå og vindfull formiddag har eg trøydd tida med å leite i gamle romsdalsaviser etter nyheiter frå Surnadal. Avisene i fylket var ikkje så bundne til fogderigrensene som i dag, så det er litt av kvart å finne.

Dette utvalet av «smånytt frå Surnadal, for å låne ein no utgått vignett i Tidens Krav, er henta frå Romsdals Budstikke, Romsdal Folkeblad og mi gamle avis Fylket. Folkebladet gjekk konkurs i 1987, medan den sterke nedgangen i talet på bønder og dei omfattande strukturendringane innafor landbrukssamvirket tok knekken på Fylket i 2000. Romsdals Budstikke lever i beste velgåande, og er den nest største avisa i Møre og Romsdal. 

Vi startar med det som Fylket kallar «En ekkel sak fra Nordmør» i avisa for 3. februar 1931. Artikkelen har slik ordlyd:

Kristiansund.

En sedelighetssak av heldigvis uvanlig art et kommet til øvrighetetens kunnskap.

En ung mann fra Nordland reiste for en tid siden til Surnadal for å besøke noen kjenninger der. Han opholdt sig i huset hos disse, og delte tildels seng med husets 15 år gamle datter. Det gikk såvidt at pikens mor bar kaffe til dem sengen.

Forholdet blev kjent i bygden og vakte adskillig forargelsele. Det blev gjort anmeldelse til lensmannen og nordlendingen blev anholdt og ført til Kristiansund hvor det blev avsagt fengslingskjennelse over ham. Han forklarer at han intet kjente til pikens alder.

20. mai 1931 kan Romsdal Folkeblad fortelje om storjegeren Anders Holten frå Surnadal:

Anders Holten fra Surnadal har ført en protokoll over de dyr han har skutt i sin tid. Det dreier sig om tidsrummet 1885-1923. Av protokollen fremgår iflg. Nidaros, at han har felt 5 bjørner, 8 elger og 14 hjorter. Med haglgevær har han skutt 153 rev. Av mår har han skutt 32 og av hermelin 15, 3 blårev, 3 otre, 1 gaupe og 139 harer. Endeleg er notert 2269 ryper, 111 tiurer, 270 årfugl, 23 røier, 5 ørner, 6 hubroer, 4 lomer, 2 jerper, 2 spurvehøker, 1 hønsehøk og 1 rypefalk.

10. juni 1924 skriv Romsdals Budstikke om «Bidrag til veie». Fylkesmannen foreslår 1/3 som bidrag av veifondet til ti tiltak i fylket. Blant desse finn vi «Bro til Kvendbø», som er kostnadsrekna til 3.700 kr., alternativt 4.200 kr.

24. oktober same år rapporterer same avis frå eit møte Møre i Landbruksselskap. Her vart Lars G. Mauset frå Surnadal tildelt sølvpremie med inskripsjon og diplom for utsetting av ørretyngel i Vindølavassdraget.

Ein notis i Fylket 4. februar 1930 fortel om frk Ingeborg Kvendbø frå Surnadal, som har vore leiar for eit vevkurs på Kvam skule i Molde. 11. februar 1930 melder avisa at ordførar Ola Dønheim frå Surnadal er tilsett som «krinssekretær for Vinstre» i Møre. 26. april 1930 opplyser Fylket at Surnadal Billag sett inn ein 14-seters buss på ruta Surnadal-Nidaros.

I 1930 var bygginga av vegen over Nordmarka i gang. Prosjektet kom i pengenaud, noko som vart ei sak for dei involverte kommunane. Fylket skriv:

Til den såkalte Nordmarkvei mellem Åsskard og Surnadal og som forbinner herredene Åsskard, Halsa, Valsøyfjord med landets øvrige veinett vil nu de interesserte kommuner søke ekstraordinær bevilgning. For tiden arbeider 36 mann på anlegget, men de bevilgede midler er så vidt knappe at det vil ta adskillige år før veien er ferdig.

Vegbygginga vart eit langt lerret å bleike. Arbeidet starta i 1929. Først i 1938 vart Nordmarkvegen opna for allmenn trafikk.