Sapporo-OL i 1972: NRK lurte sportsinteresserte nordmenn

16.12.2021

For femti år sidan var norske idrettsutøvarar i full sving med førebuingane til vinter-OL i Sapporo i februar 1972. Også NRK satsa stort, og sendte seks kommentatorar til Japan.

Som dei fleste sportsinteresserte sikkert vil hugse, måtte ein opp grytidleg om morgonen for å få med seg sendingane frå Sapporo. Programoppsettet til høgre, som stod i Tidens Krav 16. desember 1971, vekker mange minne om oppturar og nedturar i grålysninga før vi måtte ta på skuleveg.

Av ein større artikkel i same utgåve av Tidens Krav, går det fram at NRK planla å sende totalt 80 timar frå vinterleikane. Av desse skulle 45 timar vere direktesendingar og resten reprisar seinare på dagen. Men vi som braut oss opp i halv seks-tida og trudde vi såg øvingane på direkten, vart lurt. Langt frå alt gjekk direkte. Mykje var redigerte opptak, der kommentatorane måtte drive skodespel. Dei visste resultatet før dei la på lyden.

I eit intervju med bladet Aktuell etter leikane, kunne kommentator Gunnar Grimstad fortelje dette: «Jeg skal legge kortene på bordet, bare de alpine øvelsene og hopprennene ble kommentert direkte, på stedet. Skøyteløpene og langrenn var redigerte opptak, der kommentatorene måtte lage skuespill for å få til spenning, etter beste evne. Dagen da femmila gikk av stabelen var jeg på plass på langrennsstadion klokken 07.30. Rennet var over drøyt tre timer senere. Dermed var det å ta seg tilbake til TV-senteret, jobbe så langt man rakk og hadde plass til i et trangt rom sammen med 30 andre reportere, få med seg mest mulig av personlige notater, for mitt vedkommende 15-16 tettskrevne A4-ark. 25 minutter før vi skulle ha «direkte sending», ved 05-tiden hjemme i Norge, kom beskjeden fra den tekniske ledelsen om hvilke bilder man kom til å bruke i den nedklippede sendingen som var redigert av andre. Man kan kanskje tenke seg at jeg hadde nerver».

Grimstad rosar i intervjuet Knut Bjørnsen, og karakteriserer han som «en fenomenal skuespiller» under skøytesendingene. Grimstad kommenterte langrenn saman med Rolf Hovden. Begge var førstereisgutar, og fekk i ettertid mykje kritikk for innstatsen.

«Grimstad og Hovden kan trøste seg med en ting; de risikerer ikke å bli utestengt for profesjonalisme. Ingen som fulgte sendingene kan være i tvil om deres amatørstatus», skreiv Aktuell.

For meg er det sterkaste minnet frå Sapporo-OL storslalåmrennet, der Erik Håker leia etter første omgang. Andre omgang gjekk på denne tida neste dag. Håker skulle starte først, og vi benka oss framom TV'en for å få med oss eit norsk gull. Etter 53 sekund var det heile over. Håker hamna på innerski, og forsvann ut i snøføyka.

Hopprennet i stor bakke er også noko som eg hugsar godt. Vinforholda var svært ustabile, og den 19-årige polakken Wojciech Fortuna vart tatt av ei skikkeleg vindkule og løfta heilt ned til 111 meter. Han leia så suverent etter første omgang, at han trass eit andrehopp på berre 87,5 meter til 16 i stil, vann rennet 0,1 poeng framom Walter Steiner frå Sveits.

Og apropos kommentatorar som sleit. Gunnar Grimstad sat så dårleg plassert under hopprennet at han ikkje fekk med seg kor sterkt det bles, og meldte heim til Norge om ein vindstille dag i bakken.

Ja, det var tider. Eit sportsinteressert Norge gjekk altså fem på. Vi kan vel trygt slå fast eit slikt suspekt opplegg ikkje ville ha vore gjennomførbart i dag.