Ein Venstre-høvding kom til verda i Surnadal for 102 år sidan

05.03.2021

Surnadal har ikkje fostra så veldig mange stortingsrepresentantar. Ein av dei som figurerer på den eksklusive lista, og som i si samtid nok tok enda større plass i rikspolitikken enn kva Jenny Klinge gjer i dag, er venstrepolitikaren Helge Seip. Han var fødd 5. mars 1919 i Surnadal, og ville altså ha fylt 102 år. Seip døydde i 2004.

Seip var kommunalminister i perioden 1965-70, og sat i mange år som stortingsrepresentant for Surnadal. Han var leiar i Venstre i åra 1970-72.

Da Venstre sprakk under det berømte landsmøtet på Røros i 1972, var Seip blant utbrytarane som stifta Det Nye Folkepartiet. Han vart partiet sin første leiar. Partiet skifta i 1980 namn til Det Liberale Folkepartiet. Det Liberale Folkepartiet og Venstre vart i 1988 igjen fusjonert til eitt parti.

Andre stortingsrepresentantar med surnadalsk opphav etter krigen er forutan Jenny Klinge (Sp) Anders Sæterøy (Ap) og brørne Lars og Arne Sæter, begge KrF.

Klinge har vore stortingsrepresentant sidan 2008, med fast plass frå 2009. Anders Sæterøy (1901-1991), småbrukar og bygningsmann, sat på Stortinget i fire periodar frå 1953. Lars Sæter (1895-1988), emissær og forretningsmann, var tingmann for Sør-Trøndelag i åra 1954-61. Arne Sæter (1913-1973), mangeårig prest i Rindal, var stortingsrepresentant i ein periode frå 1969. Han døydde 14. september 1973, fire dagar etter stortingsvalet.

Går vi lenger tilbake, finn vi Ola Dønheim frå Venstre. Han var gardbrukar og lærar, og sat på Stortinget i åra 1937-45.

Skulle eg ha gløymt nokon i denne oversikta, så gje meg gjerne eit vink.