Seks år sidan hektisk bokinnspurt

27.04.2021

I desse dagar er det seks år sidan eg, Torbjørn og Erling fullførte Søyådalsboka. Minna som kjem opp på mi Facebook-side fortel om ein hektisk periode.

Bildet til høgre er frå korrekturinnspurten på Mediahuset 1. mai 2015. Vi ser Erling og Torbjørn i konsentrert arbeid saman med Åge Fossum. Til venstre det ferdige produktet, som var klart til trykking 4. mai.

Vi starta arbeidet med Søyådalsboka i 2012. Prosjektet balla på seg undervegs, og resultatet vart ei langt meir omfangsrik bok, både når det gjaldt innhald og sidetal, enn vi først såg for oss. Det var ein arbeidssam periode. Men da vi sat med den ferdigtrykte boka i handa, var vi samde om at det var strevet verdt. Stor stas var det også at Bondehuset var nesten fullsett da vi lanserte boka under Vårsøghelga.

Våren etter fekk vi Kleivaprisen for bøkene om Kvenndalen og Søyådalen. Det var ei fin påskjøning etter nesten åtte år med bokarbeid.

Og så skulle det altså bli enda tre bøker. Akkurat det var ikkje i tankane våre da vi la siste hand på Søyådalsboka...