Seksti år sidan Cubakrisa. Vil historia gjenta seg?

02.10.2022
Mollstemt og haustleg på kyststien.
Mollstemt og haustleg på kyststien.

Aldri har verda vore så nære ein atomkrig som under Cubakrisa i 1962. I tidsrommet 16. oktober - 28. oktober dette året heldt folk over heile kloden pusten.

Bakgrunnen for den ekstremt spente situasjonen var at USA hadde plassert mellomdistansemissilar i Tyrkia og Italia. Desse peika rett mot Sovjetunionen. Da Kreml oppdaga hva som hadde skjedd, svara dei med å utplassere missilar fylt med atomladningar på Cuba. Desse kunne nå USA i løpet av berre få minutt. President John F. Kennedy fekk 16. oktober fotografiske bevis for mottrekket til Sovjetunionen. Det utløyste ei storpolitisk krise, som fram til i dag er den mest dramatiske sidan andre verdskrig.

Det heile løyste seg til slutt ved at den sovjetiske leiaren Nikita Khrusjtsjov beordra demontering av rakettrampane på Cuba, mot at USA ikkje skulle angripe Cuba og fjerne missilane frå Tyrkia og Italia.

Verdas to mektigaste menn tok til vettet i 1962. Seksti år seinare raslar Russland igjen med sine atomvåpen. Kan krigen i Ukraina utløyse ei ny Cubakrise? Kjem historia, atter ein gong, til å gjenta seg?

Vladimir Putin framstår som ein langt meir kynisk og uberekneleg leiar enn Nikita Khrusjtsjov. Cubakrisa var eit spørsmål om våpen- og maktbalanse mellom USA og Sovjetunionen. Putin er ute etter å destabilisere den etablerte verdsordenen. Det er eit minst like farleg ærend.

Faren for ein atomkrig blir no ope diskutert i media og mellom dei politiske leiarane i verda. Ordet «krigsvinter» trudde vel dei fleste at høyrde historiebøkene til. No dukkar begrepet opp igjen, som eit uttrykk for kva vi har i vente dei komande månadene. Det er ei uverkeleg tid.

Vi er midt mellom sommaren som aldri kom og det som altså kan bli ein krigsvinter. Eg ruslar rundt på kyststien. Vegetasjonen ute ved havet tek på seg haustdrakta no. Det kviler eit mollstemt drag over den mektige naturen. Situasjonen innbyr, om ein vil det eller ei, til refleksjonar og grubling med negative overtonar. Korleis skal dette gå? Finst det ein veg ut av krisa som krigen i Ukraina har skapt?

Ikkje veit eg. Men vi må ikkje slutte å vere optimistar. Som regel er det slik at dei gode kreftene vinn til slutt - sjølv om omkostningane på vegen dit kan vere store.

Og haustfargane er da fine. Trass alt.