Fotballmakta ligg hos fansen

22.04.2021

Fotballfans over heile Europa tok sjela til fotballen tilbake denne veka. Eit kraftig folkeleg opprør på tvers av land og klubbar sette pengemakta på plass. Det blir ikkje nokon superliga.

Fotball er business og fotball er storindustri. Men også fotballen er forankra ein stad. Dei siste dagane har vist oss at det ikkje er hos rike fotballimperialistar, men i folket. I fansen.

Marknadskreftene, som desse kyniske klubbeigarane lovprisar og lever av, verka plutseleg på ein måte dei ikkje hadde rekna med. Bak dei astronomiske pengebeløpa, hærskaren av dresskledde direktørar og dei storslåtte stadionpalassa kom den verkeleg marknaden for fotballen fram. Med ein formidabel styrke.

Utan fans og tilskuarar er fotballen død. Sjeldan eller aldri har nokon feilvurdert sitt publikum slik kuppmakarane bak superligaen klarte. Vi har sett eit historisk sjølvmål.

Kanskje er nokon så dumme at dei gjer nye forsøk på å få til ein slik liga. Presidenten i Real Madrid har ikkje gitt opp. Men lærdommen etter det som har skjedd denne veka, er at det aldri vil gå.

Fordi: Fotballfansen hatar ideen. Og dei hatar klubbeigarane, som ikkje lenger har handlingsrom til å gjere noko som helst. Ingenting skal til, før det smell igjen.