Ein historisk dag og eit kongeleg skihopp

27.02.2021

Kombinertjentene Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund og Marte Leinan Lund sto for ein historisk bragd, da dei sikra tredobbelt seier under VM i Oberstdorf.

27. februar 2021 vil gå inn som ein av dei største dagane i skihistoria. Endeleg har likestillinga nådd kombinertsporten. Og for ein måte det skjedde på!

For 99 år sidan på denne dagen skreiv kronprins Olav på sin måte skihistorie, da han 19 år gammal gjorde sitt første hopp i Holmenkollen. Kronprins Olav var ein ivrig vinteridrettsmann i ungdomsåra. Han vann premie i fleire renn, og var altså deltakar i Holmenkollrennet.

27. februar 1922 vart det sett to bakkerekordar i Holmenkollen. Først hoppa Narve Bonna 43,5 meter, som var ein og ein halv meter lengre enn Josef Henriksen sin rekord frå 1918. Deretter nådde Jacob Tullin Thams 47 meter. Denne rekorden skulle bli ståande i seks år.

Etter krigen sette Olav Stavik bakkerekord med 70 meter i 1947. Toralf Engan hoppa 80,5 meter i 1962, medan Bjørn Wirkola vart førstemann over 90 meter med eit hopp på 91 meter i 1968.

Tom Levorstad sprengde 100-metersgrensa med bakkerekord på 105 meter i 1980. Førstemann som passerte 130 meter var surnadalingen Olav Magne Dønnem. Han sette bakkerekord med 131 meter i 1999.

I dag er bakkerekorden i Holmenkollen 144 meter, sett av Robert Johansson 9. mars 2019.