Skikongen ville ha fylt 80

05.06.2021

5. juni 2021 ville VM-kongen frå 1966, Gjermund Eggen, ha fylt 80 år. Eggen døydde 6. mai 2019. Tvillingbroren Jo, som også var VM-deltakar i 1966, lever framleis.

Gjermund Eggen ruver i den norske skihistoria. 1966 var hans store år. Seinare klarte ikkje Eggen å leve heilt opp til prestasjonane i Nordmarka.

Men VM-triumfane gjorde han umåteleg populær. Truleg mykje meir populær enn kva vi i dag er i stand til å forstå. Han ga ut sjølvbiografien «3 x gull» i samarbeid med Stein Berg i 1966. Året etter vart han platestjerne med «Engerdalsvalsen», som selde til sølvplate (25.000 eks), og han turnerte saman med Dizzie Tunes. I åra 1966 og 1967 var det ei tidobling i talet på nyfødde ungar som fekk namnet Gjermund her til lands.

Den enorme populariteten førte til reine folkevandringa til Eggen sin heimplass i Engerdal, Hylleråsen. Turistane ville sjå kor skihelten kom frå. Så lenge Gjermund Eggen levde, kom det busslastar med folk til Hylleråsen. Sjølv meinte han at han hadde tatt imot rundt 60.000 turistar i åra etter VM-eventyret.

Gjermund Eggen var ein stillfaren og sympatisk idrettsmann. Han ga skiinteresserte som er gamle nok til å hugse VM-dagane i Oslo minne for livet.