Slik kunne ei førsteside sjå ut for 60 år sidan

18.07.2021

Kva skreiv avisene om for 60 år sidan? Svaret får ein ved å dykke ned i Nasjonalbiblioteket sitt arkiv.

Som gammal avismann finn eg både tidtrøyte og lærdom i å bla i gamle aviser. Dei fortel mykje om tida og tidsånda på den tida dei kom ut.

Førstesida til Tidens Krav 17. juli 1961 er eit studium verdt - av fleire grunnar. For det første ser vi at avisa si viktigaste side så å seie er kjemisk fri for lokalstoff. Med unntak av eit par små notisar, dominerer utanrikssakene.

I dag verkar denne stoffmiksen heilt absurd. Men vi må ikkje gløyme at folk sin tilgang til nyheiter var heilt annleis på denne tida. Folk hadde ikkje TV, og utanom avisene var det berre radioen som sendte nyheiter. Avisene, også dei lokale, hadde slik ein litt annan funksjon enn i vår tid.

Så kan ein sjølvsagt lure på om dei sakene som Tidens Krav tilbyr sine lesarar denne dagen var dei viktigaste på dette tidspunktet. Eg tvilar. Det heile verkar nokså kuriøst, om eg så skal seie det.

Men det forhindrar ikkje at denne sida, ut frå notidas standard, er svært kontroversiell. I 2021 ville ein 30-årig neger ha gjort redaktøren arbeidslaus.