Slitaren som til slutt kapra OL-gullet

09.10.2021

I dag skal vi minnast nok ein stor norsk skiløpar. Hadde Harald Grønningen levd, ville han ha fylt 87 år 9. oktober. Han gjekk bort 26. august 2016.

Eg lurar på om ikkje Harald Grønningen og Magnar Lundemo var dei to første første langrennsløparane eg lærte nanmet på. Da eg og eldste bror min i svært ung alder begynte å konkurrere på ekrene heime på Kvennbø, var eg Grønningen og han Lundemo. Eg vann alltid i kraft av aldersforskjellen. Men det skulle etter kvart kome til å jamne seg ut, og vel så det.

Harald Grønningen deltok i alle VM og OL frå 1960 til 1970. Også under OL i Sapporo i 1972 var han med i den norske troppen. Men han vart sjuk, og kunne ikkje gå.

På slutten av ein lang karriere tok Grønningen, som mange vil karakterisere som ein ekte slitar, sitt einaste individuelle meisterskapsgull på 15 km i OL i Grenoble i 1968. Den nervepirrande sekundstriden med Eero Mäntyranta i dette løpet er langrennshistorie. Grønningen hadde startnummer fem, og finnen hadde fordelen av å gå på tidene til konkurrenten. Men det hjelpte ikkje. Marginen i Grønningen sin favør vart til slutt 1,9 sekund.

I same OL var Grønningen med på det norske laget som tok stafett-gull.

Elles fordeler Grønningen sine meisterskapsmedaljar seg slik: Stafettsølv i OL 1960 (Squaw Valley), sølv på 15 km og 30 km i OL fire år seinare (Innsbruck), VM-sølv på 15 km i 1962 (Zakopane) og VM-gull i stafett i 1966 (Oslo).

I NM tok Harald Grønningen ni gull, fire sølv og sju bronse. I tillegg vann han NM-bronse i skogsløp i 1961.

I 1961 vart Grønningen tildelt Holmenkollmedaljen og Sportsjournalistenes statuett som årets idrettsnamn. I 1966 fekk han Olavstatuetten. Haner også æra med Lahtimedaljen og Gråkallmedaljen.

Etter at skikarrieren var begynte Grønningen som selgar av motorsager og skogsutstyr for Jobu. Den jobben hadde han til han vart pensjonist. Ofte besøkte den gamle storløparen skogdagar rundt om på bygdene. Det hjelpte nok på oppmøtet!