25 år sidan eg sendte min første SMS

03.12.2021

Veit du når du sendte di første tekstmelding på telefon? Eg debuterte i 1996. Da eg begynte som redaktør i Aura Avis 1. november det året, vart eg utstyrt med ein telefon som hadde funksjonen SMS (Short Message Service).

I 1996 var SMS ny teknologi. Berre fire år tidlegare, 3. desember 1992, vart den første tekstmeldinga sendt over GSM-nettet til Vodafone i Storbritannia. Meldinga gjekk frå ein PC til ein Orbitel 901-telefon. Beskjeden var «Merry Christmas».

I åra som kom skulle bruken av SMS kome til å eksplodere. I 2000 vart det verda over sendt 17 milliardar meldingar. Året etter var talet auka til 250 millliardar og i 2004 til 500 milliardar.

Det er sikkert fleire enn eg som i desse åra opplevde at telefonen nesten rann over av meldingar i samband med jul, nyttår og gebursdag. Vi var fascinerte, og undra oss over kor langt teknologien var komen.

Så er det slik at tidene forandrar seg fort. Framleis sender folk SMS til kvarandre, men mykje av trafikken har flytta seg til andre digitale plattformar som Facebook, Messenger, Snapchat, Instagram, TikTok - for å ha nemnt nokre.

Eg er aktiv på alle desse plattformane. Men for å ha sagt det: Skal eg gi ein kjapp beskjed, tykkjer eg den gode, gamle tekstmeldinga framleis fungerer best.