Snart får vi betalt for å ta ferje

13.02.2021

Omtrent sidan steinalderen, det er i alle fall ikkje langt unna, har det gått bilferjer i Møre og Romsdal. I alle desse åra har det kosta pengar å benytte slik transport.

Men no bli det snart andre tider, skal vi tru politikarane. Og det må vi vel, eller...? I alle fall har klårtenkte og visjonære skallar brått funne ut at det er forferdeleg dyrt å ta ferje, og at dette er noko vi ikkje lenger kan finne oss. Det blir snakka om halvering av prisen, og ja - til og med gratis ferje i framtida. Ikkje overraskande var det Frp som kom på akkurat det siste.

I eit intervju med NRK kunne ikkje Sylvi Listhaug svare på kor pengane skal takast ifrå. Men ho lova at finansiering av gratis ferje ikkje er noko problem. Det blir jo bruka pengar på både klima og anna mykje rart. Så der har Frp kontroll.

Rett før eg no tok til tastaturet, høyrde eg at kystgrasrota i Høgre krev at også Erna kastar seg på ferjesirkuset. Dette ser bra ut. Fortsett overbodskarusellen, blir det ikkje lenge før vi får betalt for å ta ferje!