Snøen er ein uberekneleg gjest

18.10.2022

Kalenderen viser at meir enn halve oktober er unnagjort. I bildesamlinga mi er det mange mapper som dokumenterer at dette er tida for å avslutte hyttesesongen på Tæla.

Så er snøen ein uberekneleg gjest. Plutseleg er han der tidleg i oktober. Eg hugsar at kraftig snøfall gjorde at vi i 1994 måtte avlyse haustferien på Tæla første veka i oktober.

I 2000 var ver- og føreforholda heilt annleis. Hausten var mild, og snøen let vente på seg. Siste laurdagen i november gjekk eg og Gunnar over den snøfrie Tæla og ned om Fjellenden. Det var så tørt og fint at vi nesten kunne ha bruka joggesko.

Som akkompagnement til denne vesle epistelen har eg plukka fram eit knippe bilde frå laurdag 8. oktober 2011. Eg kom opp til Tæla kvelden før, og det fanst ikkje teikn til vinter. Stor var derfor overraskinga da eg vakna laurdag morgon, og vart møtt av eit kvitt og nedsnødd landskap.

Etter frokost tok eg meg ein runde med fotoapparatet. Kombinasjonen av sol og nysnø skapte ei magisk stemning. Ut på ettermiddagen gjekk eg ned, mest for å vere sikker på at eventuelt meir snøfall ikkje skulle skape problem for ein Passat med piggfrie dekk ned Kvenndalsvegen.

Det skulle vise seg at snøen som kom 8. oktober ikkje vart liggande. Han forsvann raskt, og eg fekk fleire fine fotturar til hytta, før Tæla tok vinterkåpa på for godt det året.

(Klikk på bilda i galleriet under for å sjå dei i fullt format).