Spellemann 2022: Lokal suksess i trist innpakning

24.04.2022

Surnadal og Hustadvika, som eg kan kalle «mine» kommunar, markerte seg sterkt under Spellemann-utdelinga i år. Mellom prisane og nominasjonane finn vi usedvanleg mange namn knytta til dette området og geografisk nærliggande kommunar.

Surnadalingen Hans Olav Settem er produsent på Beharie sin EP «Beharie // Beharie», som vann prisen i kategorien rnb/roul. Settem var i si tid med i gruppa Batteri, som i 2008 kom på andreplass i MGP jr. Gruppa ga også ut tre plater. Settem jobbar i dag som låtskrivar og musikkprodusent i eige studio i Oslo.

Prisen i åpen klasse gjekk til Hedvig Mollestad for albumet «Tempest Revisited». På denne plata trakterer Ivar Loe Bjørnstad frå Surnadal trommene. Peter Wergeni frå Sunndal spelar saksofon på utgjevinga.

I kategorien klassisk gjekk prisen til Håkon Skogstad med Atle Sponberg og Trondheimsolistene for «Visions of Tango». Her er det fleire lokale aktørar i kulissane. Surnadalingen Steinar Larsen har i mange år vore dagleg leiar for Trondheimsolistene. Broren Anders Larsen, som no også er leiar for Vårsøghelga, har lang fartidstid som fiolinist i ensemblet. Steinar sluttar i desse dagar i Trondheimsolistene, for å ta over jobben som direktør for Olavsfest.

«Visions of Tango» er gitt ut på Øra fonogram, grunnlagt av surnadalingane Jostein Ansnes og nemnte Steinar Larsen. Plata er innspela i Øra studio, som i si tid også vart etablert av Jostein og Steinar. Rindalingen Jo Ranheim jobbar i studioet, og er teknikar på «Visions of Tango».

Trio Alpaca var blant dei nominerte i kategorien samtid, der prisen gjekk til Maja S.K. Ratkje for plata «Vannstand». I Trio Alpaca finn vi pianistinna Else Bø. Ho har slektsband til Surnadal, og er gift med stangvikgjelding, pianist og komponist Trygve Brøske.

Til slutt ein tur til ytre strøk og fiolinisten, komponisten og multinstrumentalisten Ola Kvernberg. Han vann prisen i klassen alternativ pop/rock for plata «The Steamdome II: The Hypogean». Kvernberg er frå Elnesvågen, og sikra seg i år sin andre spellemann. Øyvind Blomstrøm frå Halsa spelar gitar på «The Steamdome II: The Hypogean».

Eg trur eg har fått med meg alt. Om ikkje, får nokon ile til og korrigere. Uansett: Dette er imponerande greier!

Så til innpakninga, altså sjølve programmet. Eg registrerer at NRK har mottatt sterk kritikk for opplegget frå mange hald. Den kritikken kan eg slutte meg til. Meir smaklaust, grått, trist og fritt for festivitas enn det vi såg i år kan vel neppe dette programmet bli. Når feiringa av norsk musikkliv endar opp med prisutdelingar i anonyme radiostudio, kjøkken, på plener og andre merkelege plassar, er det lite igjen av den stilen og stasen som ein gong i tida prega Spellemann-tildelinga.

Vi har hatt Spellemann-utdelingar sidan 1973. Kontrasten til dagens utgåve av Spellemann er enorm. I 1973 stilte prismottakarane stivpynta. Til og med med vinnarane i kategorien «Årets gruppe», Popol Vuh (seinare Popol Ace) med Jahn Teigen i spissen, var kledde i smoking.

Ja da, tidene forandrar seg. Men på same måte som ein ikkje må tru at alt var betre før, er det heller ikkje slik at alt nytt automtatisk treng å vere så vellykka. NRK bør gå i tenkeboksen og kome opp med noko meir verdig neste år. Det har norsk musikkliv fortent. I spennet mellom ei smokingprega sending og ein seanse der Ola Kverberg mottek prisen på sitt eige kjøkken, med hendene fulle av pizzaesker, går det an å finne på mykje brukbart.