Stangvik Historielag held koken med nytt årsskrift

28.11.2022

Stangvik Historielag er ute med årsskrift også i 2022. Dette er det 16. i rekka.

Redaksjonen har bestått av Marit Haugen, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes. Av ulike årsakar har ekstra mykje av arbeidet falle på Marit dette året. Ho har verkeleg gjort ein kjempeinnsats!

Innhaldet er snekra saman etter ei oppskrift som lesarane vil kjenne att. Her er mykje godt lokalhistorisk stoff, krydra med mange gamle foto.

Artikkelforfattarar i år er: Lars Kvande (dikt), Marit Haugen, Erling Myrbostad, Torbjørn Polden, Sturla Brørs, Svein Aarnes, Gunn Signe Aarnes, Ildri Kvande (dikt), Anders Sæterøy (redigert utdrag av avisartikkel frå 1938) og Odin Hals. Som vanleg har Mediahuset på Sunndalsøra levert grafisk arbeid frå øvste hylle.

Heftet kostar 150 kroner, og vert selt på lokale utsalsplassar. Ein kan også kjøpe årsskriftet ved å kontakte Marit Haugen eller Einar Grønnes.