Stangvik kommune vart borte - og delte skjebne med nesten 300 andre

31.01.2022

Stangvik kommune forsvinn. Det var hovudoppslaget i Tidens Krav 31. januar 1962.

Bakgrunnen for oppslaget var innstillinga frå Schei-komiteen, som skulle utgreie ny kommunestruktur i Norge. Etter at forslaga frå komiteen var behandla politisk, vart talet på kommunar redusert frå 744 til 454 i 1967

Schei-komiteen, som var leia av fylkesmann Nicolai Schei frå Sogn og Fjordane, brukte lang tid på arbeidet sitt. Komiteen vart nedsett i 1946. Etter å ha lagt fram tre innstillingar, var dei ferdige med jobben i 1962.

Stangvik kommune vart delt mellom Surnadal, Sunndal og Tingvoll. Den nye storkommunen Surnadal vart beståande av gamle Surnadal, heile Åsskard - som dermed også forsvann - og delar av Stangvik kommunar.

Det vart gjennomført til dels store endringar av kommunegrensene. Slik Tidens Krav i januar 1962 tolka opplysningane frå Schei-komiteen, ville talet på nordmørskommunar bli redusert frå 22 til 13, Romsdal gjekk frå 16 til 9 og Sunnmøre frå 25 til 16. På Nordmøre var Rindal den einaste kommunen som ikkje vart rørt på noko vis. Rindalingane motsette seg som kjent på det aller sterkaste å bli slått saman med Surnadal.

Her ute på Romsdalskysten vart det danna ein ny storkommune, som bestod av Fræna, Bud og Hustad. I dag omfattar denne kommunen også tidlegare Eide, og har fått namnet Hustadvika kommune.

Etter dei omfattande samanslåingane på 60-talet, vart det i åra etterpå også gjort store og små endringar på kommunekartet. Som ein konsekvens av brua over Imarsundet, vart Aure og Tustna slått saman i 2006. Kristiansund og Frei fusjonerte to år seinare. I 1977 braut Stordal på Sunnmøre ut av Ørskog, og vart eigen kommune. Fleire andre mindre justeringar vart gjort i tillegg til desse tre eksempla i vårt fylke.

Det store taktskiftet kom med Solberg-regjeringa, som rett etter at dei fekk makta i 2013 starta på ein ambisiøs kommunereform. I starten var det snakk om å fjerne meir enn 300 kommunar og kome heilt ned mot 100. Mykje motstand og dårleg politisk handverk gjorde at det aldri gjekk. Reforma resulterte i at 119 kommuner, nokre med tvang, vart slått saman til 47. I dag er det 356 kommunar i Norge.

Så gjenstår det å sjå kor mange av samanslåingane som blir oppløyste. I Møre og Romsdal er det ikkje usannsynleg at Haram, som vart tvangssamanslått med Ålesund, igjen kan bli eigen kommune. Med sine over 9.000 innbyggarar var Haram ein av dei største landkommunane i fylket vårt. Folket i kommunen har aldri godtatt samanslåinga med Ålesund.