Ein løpar av den klassiske sorten

31.10.2021

Ein gammal slitar i skisporet, Sverre Stensheim frå Oppdal, fyller 88 år 31. oktober 2021. Stensheim er mest kjent for å ha vunne femmila i Holmenkollen tre gongar på rad i åra 1959, 1960 og 1961. Forutan Stensheim er det berre Lauritz Bergendahl og Thorleif Haug som har klart dette. I 1962 gjekk oppdalingen til topps på femmila i Lahti.

I NM tok han frå 1956 til 1969 to gull, ni sølv og fem bronse. Pussig nok vann Stensheim aldri NM-gull på spesialdistansen 50 km. Dei to NM-titlane tok han på tremila.

Sverre Stensheim deltok i to OL og fire VM, utan å ta medalje. Den beste plasseringa hans er femteplass på femmila under OL i Innsbruck i 1964. Med det vart han beste nordmann.

I 1959 vart han tildelt Morgenbladets gullmedalje for Kollen-triumfen dette året. I 1960 fekk Stensheim Holmenkollmedaljen. Etter fleire tunge år for norsk skisport, vart Kollen-seieren 1959 sett på som ei bragd av dei heilt sjeldne. Dette kjem klårt til uttrykk i grunngjevinga for tildelinga av Morgenbladets gullmedalje. Juryen skriv m.a.: «Konkurransen i årets 50 km var et Holmenkollrenn verdig, med bl.a. fire sterke finske langdistanseløpere som deltakere, blant disse årets finske mester, den rutinerte Eero Kolehmainen. Rennet gikk under krevende forhold, skiftende fra tåkeyr, gjennom haglskurer og fram til strålende sol. Men føret var likevel stabilt i den velpreparerte løypa. Det var selve skiløperens tekniske og taktiske egenskaper som ble utslagsgivende. 5-milsseieren ble norsk for første gang på fem år, etter en strid fullt på høyde med de mest innbitte i Nordmarkas tradisjonsrike løyper, og den står som en av de største seire for norsk langrennssport etter krigen».

For meg er Sverre Stensheim ein typisk representant for den klassiske, nesten mytiske, sorten langrennsløparar frå 50- og 60-talet. Han var ein traust kar, kom frå landsbygda og likte dei lange løpa best. Stensheim representerte idrettslaget Snøhetta.