«Store fjell tårner seg opp på den ene siden, og danner en kontrast til skogkledde åser på den motsatte siden»

15.02.2022

Ein skulle kanskje tru at desse orda var tatt ut av eit eller anna nasjonalromantisk dikt. Det er dei ikkje. Den lyriske formuleringa er henta frå Tidens Krav 1. desember 1973, da Tidens Krav-journalist Stig Nilsson besøkte Østbødalen.

Reportasjen avslutta TK sin serie «Nordmørsmiljø på nært hold». Ei heil side bruka avisa på Nilsson sitt møte med dalen og folket. Artikkelen ber tydeleg preg av at østbødalsbesøket hadde gjort inntrykk.

Østbødalen er ikkje så ofte nemnt i media. Men dalen har fostra ein stortingsrepresentant, Jenny Klinge, som aldri let ein sjanse gå frå seg for å fortelje kvar ho kjem frå. I det siste har ho lagt ut mange flotte bilde på Facebook for å reklamere for si si barndoms grend.

En del mediablest rundt Østbødalen var det da kampen stod om å få behalde skrivemåten Østbøen. Stadnamntenesta i Språkrådet ville ha Øvstbøen. Skarpskodde og godt førebudde eldsjeler frå lokalmiljøet gjekk i krigen - og vann. Østbødalen heiter framleis Østbødalen.

Ifølge reportasjen var det i 1973 16 husstandar i Østbødalen. Det er fleire i dag. Sjølv om ein del av dei husa som Stig Nilsson passerte på si reportasjeferd no står tomme, har mange nye også kome til sidan den gongen.

Som kvennbøgarding vaks opp med den ytre delen av Østbødalen som ein del av den daglege utsikta. Oldeforeldra mine på kåret lærte meg tidleg kva gardane het, og kven som budde der. Eg tek meg rett som det er ein biltur gjennom dalen. Det er triveleg. Høgdepunktet på vegen utover er sjølvsagt den flotte utsikta mot Kvennbøen...

Eg legg ved heile reportasjen frå Tidens Krav, som er triveleg lesnad. Ved å klikke på bildet ein gong eller to, samt manøvrere rundt rundt på sida, skal alt kunne gjerast lesbart.