Surnadal IL: Tre lag vart til eitt

28.10.2021

Ei av dei store avgjerdene innafor idretten i Surnadal, var etableringa av Surnadal IL. Surnadal IL vart til etter at IL Framtid (stifta 1913), IL Bjørn (stifta 1932) og Surnadal jenteidrettslag (stifta 1945) fusjonerte til eitt lag.

Debatten om ei slik samanslåing starta naturleg nok i god tid før 1966. I Tidens Krav for laurdag 9. oktober 1965 finn vi eit omfattande referat frå eit debattmøte om saka. 50 personar deltok på møtet, som var arrangert av den kommunale ungdoms- og idrettsnemnda.

Av referatet går det fram at det rådde både tvil og tru i saka. Konklusjonen var likevel at plussfaktorane ved ei samanslåing ville vege opp for dei negative sidene.

Ei nemnd på seks personar, to frå kvart lag, fekk i oppdrag å utarbeide retningsliner for ei eventuell samanslåing. Nemnda vart samansett slik: Ingebrigt Grimsmo, Asbjørn Ørsal, Alf Heggset, Trygve Talgø, Jorun Ørsal og Dordi Sylte.

I ettertid må det vel vere rett å seie at samanslåinga var eit framsynt tiltak. Men eg hugsar også at ein del fotballinteresserte ikkje var berre begeistra. Dei sakna rivaliseringa mellom Bjørn og Framtid.

Det skulle også vise seg at samanslåinga slett ikkje ga nokon rask sportsleg gevinst for fotballen. I 1966 vart Surnadal tredje sist i 4. divisjon, og i 1967 nummer fire. Dette året vann for øvrig Bøfjord 4. divisjon. Dei spela kvalifisering for opprykk til 3. divisjon mot Skarbøvik og Åndalsnes, men møtte da for hard motstand. I 1968 gjekk det retteleg gale for Surnadal, og det vart nedrykk til 5. divisjon.

Seinare har det gått både opp og ned for fotballen i Surnadal IL. Det store høgdepunktet er sjølvsagt 1991-sesongen, da laget spela på nest høgaste nivå.

Dette er namna på spelarane som er avbilda på framsida. I den første seriekampen møtte dei Søya, i ein kamp der resultatet vart 1-1. Bildet er henta frå Facebook-sida «Gamle idrettsbilder, ev. anna idrettsstoff fra Surnadal, t.o.m. 1999».

1. rekke frå v.: Ola Dalsegg, Jon O. Sæterbø, Odd Magnar Møkkelgjerd. Sverre Drøpping, Odd Magne Bævre. 2. rekke frå v.: Ingebrigt Grimsmo, Finn Heggset, Anders Sæter, Reidar Tjelle, Kjell Kvendbø, Ingvar Kvande, Hilmar Sundli. Bak fotballutvalet: Frå v. Henry Ansnes, Trygve Talgø, Jon Peder Jakobsen, Jon Sverre Sæter.