Surnadaling best i landet i samtidsorientering

14.07.2022

Mange godt vaksne vil sikkert hugse prøvene i samtidsorientering, der skular over heile landet konkurrerte med kvarandre. Det vart kåra vinnarar i individuelt og lag.

I 1971 gjekk Romund Østbø frå Surnadal ungdomsskule heilt til topps i konkurransen. Han sikra seg den eine av fire førstepremiar. Tingvoll gymnas vart nummer tre i sin klasse for lag.

I Arbeiderbladet for 21. juni 1971 les vi at 600 skular, ungdomsskular, realskular, yrkesskular og gymnas deltok. Desse omfatta rundt 126.000 elevar.

Prøva i samtidsorientering var eit samarbeid mellom Norsk studerende ungdoms avholdsforbund og Arbeiderbladet. Vinnarane i 1971 fekk overrekt premiane sine på restaurant Stratos i Oslo av ekspedisjonssjef Johan M. Bjørge i kyrkje- og undervisningsdepartementet. Han uttala ifølge Arbeiderbladet: - Det nytter ikke med 14 dagers pugglesing foran denne prøva. Ei slik prøve krever langvarig trening og allsidige kunnskaper.

Arbeiderbladet skriv vidare:

Formann Ragnvald Bertilsen i Norges studerende ungdoms avholdsforbund overrakte de fire vinnerne hvert sitt skrivesett, og fra Arbeiderbladet delte Per Wiedswang ut Einar Gerhardsens bok med personlige dedikasjoner ay forfatteren, som også hadde sendt med sine hjerteligste gratulasjonen. Det er ellers delt ut 60 bøker og over 400 diplomer til de beste elevene rundt i landet.

I reportasjen blir det framheva at alle dei fire indviduelle prisvinnarane kom frå distrikta. Verken Oslo eller andre byar nådde opp. «Bygdene utklasse byene», heiter det i overskrifta.

Vinnarane fekk oppleve Oslo to dagar til endes i samband med premieutdelinga. På programmet stod seightseeing til Høvikodden, Tryvannstårnet og Frognerseteren. Rosinen i pølsa var eit besøk i NRK. Det heile vart avslutta med eit «Zorba-besøk» i Det Norske Teatret og «en bedre aften» på restuarant Blom.