«Surnadalsøra er et meget spesielt sted»

16.01.2022

Orda i overskrifta er henta frå ein reportasje i Tidens Krav før ski-NM i Surnadal i 1976, da avisa ga ut ei eit eige bilag med omtale av meisterskapet og arrangørbygda.

TK sin utsendte hadde vore på Øra-tur, og let seg fascinere: «Surnadalsøra er et meget spesielt sted. For dem som kommer dit første gang, virker det som om et eller annet er noe annerledes enn resten av Surnadal kommune. Det minner litt om en gammel by fra westernfilmene, med en gate tvers gjennom og yrende forretningsliv på begge sider. Det meste finnes nemlig på Surnadalsøra når det gjelder forretninger».

Næringslivet i Surnadal annonserte velvillig i bilaget til Tidens Krav. Det er interessant å merke seg at forretningane på Øra fylte ei heil side. Heile 16 Øra-verksemder annonserte i NM-avisa.

Sida er interessant lesnad. Den gir eit bilde av ei tid der det enno var stor aktivitet på Øra. Den tradisjonsrike bygdebyen hadde i 1976 framleis ein viss status som handelssenter i bygda. Butikkane skulle halde det gåande i enda nokre år. Men etter kvart kom den ubønhørlege nedturen. Kommunesenteret Skei ekspanderte, og på Grimsmoen vart det bygd nytt butikksenter.

Når eg fer i Surnadal, køyrer eg ofte ein tur innom Øra, der eg budde dei tre første leveåra mine. Den no så stille gata vekker mange trivelege minne. Faktisk hugsar eg glimt frå tida mi som ørabygg. Seinare i oppveksten var det alltid eit høgdepunkt å få vere med til Øra på handletur. Butikkane var mange. Nokre av dei var verkeleg spennande.

Hos O. Mauset kunne ein kjøpe alt frå bøker til klede. Oppe på Tæla har eg ein islender, som vart kjøpt på Mauset-bua i 1975. Den er rett og slett usliteleg. L. Hegseth hadde mellom mykje anna stoff til gardiner og klede. Ja, til og med ei lita fotoavdeling fann ein her. Slik butikkar er det ikkje ofte ein ser i dag.

Brannen i 1938 var ei dramatisk hending i Surnadalsøra si historie. Bilda frå før brannen viser kva for verdiar som gjekk tapt. Korleis ville Øra ha sett ut i dag, om desse prektige husa hadde fått stå?

Det veit vi ikkje. Kanskje ville dei ha vore borte, uansett. På 60- og 70-talet var ein del av framtidstrua at gamle bygingar måtte bort. I mange byar og tettstader vart det gjort stor skade. I framsteget si ånd forsvann hus av stor historisk verdi til fordel for moderne kolossar i betong.