Luftetur på niande dag jul

02.01.2022

I dag måtte eg kome meg ut ein tur, etter litt for mange dagar med eit stillesittande og makeleg liv. Eg bestemte meg for å køyre til Atlanterhavsvegen og svevestien. Håpet var å ta Nordneset på Farstad i same slengen, men det sette regnet ein stoppar for.

You'll never walk alone, syng Liverpool-fansen. Det gjer du heller ikkje på svevestien. Vi var mange som tok runden rundt Eldhusøya for å kvitte oss med nokre gram julefeitt og kjenne på frisk luft.

Svevestien vart ferdigstilt i 2014. Den 550 meter lange stien er laga av ei rist som flyt over terrenget, fundamentert med pælar. Her ingen tersklar. Svevestien kan derfor også nyttast av rullestolbrukarar.

Dette er ikkje verdens lengste trimtur. Men naturopplevinga er fenomenal. Her kjem ein tett på Atlanterhavet, og mektige naturkrefter.

Veret var altså berre så måteleg. Men det vart så absolutt ein triveleg luftetur på niande dag jul. Einaste minus, utanom veret, var kaffen på bensinstasjonen på Kårvåg. Eg greidde to slurkar av det dvaske skvipet, til den nette pris av 12,50 kr. pr. slurk.