Sykkeltjuveri utløyste storaksjon: Nærpolitiet fungerte i 1960

21.05.2022

Kva skal politiet bestyre seg med, og korleis skal etaten organiserast? Med bakgrunn i den såkalla nærpolitireforma har temaet vore mykje debattert dei siste åra.

Eg skal ikkje ta stilling til kva som er rett eller gale. Men at tidene endrar seg, er i alle fall heilt sikkert. Denne veka gjekk ein mann berserk med kniv i Nore i Numedal. Sivile og mannskap frå brannvesenet måtte gjere jobben med å uskadeleggjere mannen. Politiet var på plass meir enn ein halvtime seinare enn brannfolka.

Da gjekk det annleis for seg i Åsskard ein søndag for 62 år sidan. Eit sykkeltjuveri utløyste politiutrykking i to kommunar. Responstida var utruleg kort. Syndaren vart - etter at også heradskasseraren hadde engasjert seg i jakta på tjuven - fakka etter berre kort tid.

Tidens Krav omtala saka 12. juli 1960. Artikkelen var slik:

Sykkeltyv jaget i Åsskard søndag. Fakket i låve på Betna. Søndag forsvant en sykkel i Åsskard fra en kvinne. Det ble fort oppdaget og lensmannen varslet. Tyven hadde tatt vegen utover til Halsa og lensmannen der ble også varslet. Fra Åsskard satte herredskasserer Blekken og en åsskardmann etter tyven i bil. Da de kom til Betna møtte de lensmannen, men ingen sykkeltyv å se. Det viste seg da at han hadde tydd inn i en låve og ser slo lovens lange arm ned på ham. Kvinnen fikk sykkelen igjen og den unge mann, han er fra Kristiansund, fikk en leksjon i at slikt svarer seg ikke.

Men det kommer vel et etterspill.

Som sagt, vi lever i ei anna tid. Sykkeltjuveri hjelper det vel knapt å melde til politiet i dag. Dei har andre og viktigare ting å bruke tida si på. Det er heller ikkje slik at alt var betre før. Men kanskje er denne historia likevel litt til ettertanke? Nærpolitiet fungerte i 1960. Det er det ingen tvil om.