På Tæla for første gong

18.03.2021

Eit minne på Facebook kjem opp og fortel at for ni år år sidan, 18. mars 2012, vakna eg og Mette saman på Tæla for første gong. Turen opp dagen før gjekk lett, så buaværingen fekk heldigvis eit blidt første møte med dei bratte liene.

Neste tur var skjærtorsdag, to og ei halv veke seinare. Det hadde kome frykteleg mykje snø i palmehelga, og i meterdjup laussnø og regn brukte vi tre timar på turen opp. Men folk med saltvatn i årene er ikkje så lettskremte. Mette klaga ikkje, og det vart ei rett så triveleg påskehelg.

Resten er historie, som det heiter. I dag er hytta på Tæla ein livsstil like mykje for Mette som for meg.

På primstaven heiter denne dagen Petri martyris, og er til minne om den heilage Peter av Verona (Peter Martyr) (1205-1252). Primstavteiknet for dagen er ein piggstav. I samsvar med dette blir dagen også kalla Per pekk i vatn; «Per» kom no og prøvde isen med ein slik stav.

18. mars 2021 fyller skiskyttardronninga Tora Berger 40 år og den svenske alpinisten Ingemar Stenmark 65 år. På denne dagen i 1968 vart det innført postnummer over heile Norge.