Tælaminne: Ei sommarnatt i hifi

27.07.2022

Det er fem år sidan hifi-alderen nådde Tæla. Det viser eit minne på Facebook.

Ikkja anna enn eg hugsar, hadde eg eit av mine mange soloopphald på hytta denne veka i 2017. Torsdagskvelden den 27. juli kom broder Ole Magne opp med batteridriven platespelar og eit lass med singelplater i sekken.

Han overnatta. Det flotte veret gjorde at mesteparten av overnattinga skjedde ute på verandanen. Vi strekte sommarnatta lengre enn langt med fin musikk og godt tilbehør, før vi gjekk til sengs ut på morgonkvisten.

Bildet over var publisert på Facebook ein gong utpå kvelden. Vi hausta likes og kommentarar i store mengder. Det vart likevel retta kritikk mot plasseringa av platecoveret i framgrunnen. Men som Ole Magne skreiv: Ein stad måtte det ligge.

Vi har planar om å gjenta denne suksessen. Eg meiner vi skal satse på neste sommar.