Tapte medaljer og ei finsk tragedie

24.03.2021

Onsdag 24. mars fyller langrennsløparen Erling Jevne 55 år. Jevne har ei imponerande merittliste. Men truleg kunne den ha vore enda betre.

Under VM i Trondheim i 1997 tok han sølv på femmila bak finske Mika Myllylä, og det same skjedde på tremila året etter under OL i Nagano. Myllylä vart seinare tatt i doping. Så det uunngåelege spørsmålet er: Var Myllylä rein i 1997 og 1998?

Finnen tok også to VM-gull i 1999, og viste i denne perioden ei imponerande evne til å prikke inn formen til dei store meisterskapa.

Begge dei nemnte løpa var uhyre sterke prestasjonar frå Jevne si side. I Trondheim slo han tredjemann Bjørn Dæhlie med over eitt minutt. Men det var altså ikkje nok.

Det må leggast til det ikkje finst bevis for at dei finske løparane var dopa i Trondheim og Nagano. Men faktum er i alle fall at under ski-VM 2001 i Lahti testa Myllylä og fire andre finske løparar positivt for doping. Dei hadde brukt stoffet hemohes, vart fråtekne gullmedaljen i stafett og vart utestengde frå skisporten i to år i ettertid.

For Mika Myllylä resulterte dopingavsløringane i ei personleg tragedie. Han fekk store problem, med alkoholmisbruk og valdsepisodar. Han vart funnen død i heimen sin sommaren 2011, berre 41 år gammal.

Ein oversikt over Erling jevne sine prestasjonar i langrennsløpya finn du her.