Plata som forandra alt

14.06.2021

14. juni 1971 var ein måndag. Det var den måndagen Emerson Lake & Palmer ga ut «Tarkus». Med andre ord: For ein del av oss var det ein heilt spesiell dag. Sjølv om vi ikkje visste det der og da.

«Tarkus» er ELP sitt andre album. Eg kjøpte plata ikkje så lenge etter at ho kom ut. Det er utan tvil den viktigaste platehandelen eg har gjort i mitt liv. «Tarkus» opna ei verd utanfor det tradisjonelle tre vers, fire refreng og gitarsolo-mønsteret. ELP lærte meg at meininga med musikk er at den skal lyttast til. Eg høyrer på ELP-platene den dag i dag. «Tarkus» var ein døropnar inn til rom der både rock, jazz, klassisk og meir eksperimentell elektronisk musikk fanst.

I storheitstida til det som vi i dag kallar den klassiske rocken, gjekk plater som dette høgt opp på salslistene. Det er nesten rart å tenke på. «Tarkus» nådde heilt til topps i Storbritannia, medan det i USA vart femteplass.

ELP ga ut ni studioalbum. Lista over liveplater - mange av dei utgitt etter at gruppa ga seg for andre gong rundt 1998 - er betrakteleg lengre. For den som likar å definere seg inn i den harde kjerne, er det vel særleg to som verkeleg tel, «Pictures at an exhibition» (1971) og «Welcome back my friends...» (1974). Gjennom karrieren selde gruppa 40 millionar plater.

Da ELP turnerte etter å ha kome saman igjen i 1992, besøkte dei også Oslo. Eg var der. Da dei magiske opningsakkordane frå «Tarkus»-suiten sakte og ubønnhørleg fylte salen, stod tida i nokre sekund heilt stille.

I dag er både Keith Emerson og Greg Lake borte. Keith Emerson fekk store problemer med å spele på grunn av ein nervesjukdom i den høgre handa. Dette var ei ulykke som påverka han så sterkt at revolveren vart løysinga. Keith Emerson gjekk ut av tida i 2016, 71 år gammal. Greg Lake fekk kreft, og døydde same året som Emerson, 69 år gammal.

Eg har lytta til ELP i femti år. Dei beste platene til gruppa er for meg fullstendig tidlause. Inne i dette musikalske universet ruver jubilanten «Tarkus» - albumet som tok meg med til ukjente landskap og gjorde musikksmaken min til det den vart.