Seier du tjuefem eller femogtjue?

20.11.2021

Det er 70 år sidan den nye teljemåten vart innført i Norge. Stortinget slutta seg til den nye ordninga i 22. november 1950, og 1. juli året etter vart den nye teljemåten innført.

Men trass i vedtaket, skulle det vise seg at den gamle måten å telje på var seigliva. Ja, den lever framleis i beste velgåande. Så livskraftig er den, at det den dag i dag er vanleg å lese opp tala etter både ny og gammal teljemåte i bingolokala.

Det har vore forska på fenomenet. Grovt sett er det slik at den yngre delen av befolkninga nyttar ny teljemåte, medan bruken av den gamle aukar i takt med alderen til folk.

Telegrafdirektør Sverre Rynning-Tønnesen er ifølge Wikipedia rekna som arkitekten bak den nye teljemåten. I 1949 skreiv Telegrafstyret i eit brev til Samferdselsdepartementet at opplesing av tal burde følge den rekkefølga tala vart skrevne i. Dette vart aktualisert ved at telefonnumra i Oslo nettopp hadde gått over frå fem til seks siffer. Telegrafstyret hadde gjort ei undersøking som viste at nedskriving av tala ga betydeleg mindre feil ved at titalet vart lest først, som femtitre for 53. Den nye teljemåten vart drøfta i ei fagnemnd som var forløparen til Språkrådet. Saka vart sendt ut på høyring og høyringssvara ga absolutt størst støtte for den nye ordninga.

Kva eg seier? Det blir nok mest femogtjue. I skulen på 60-talet lærte vi sjølvsagt den nye teljemåten, men akkurat den greide ikkje Eldrid Mahle å banke inn i hovudet på meg. Ingen vaksne, verken heime eller i nærmiljøet elles, bruka den nye teljemåten. Den påverknaden vart nok avgjerande.