Test dine synske evner

02.01.2022
«Hos Spaa Konen» heiter dette gamle postkortet. Det viser ei spåkone som spår i kort og tyder hender. (Nasjonalbiblioteket).
«Hos Spaa Konen» heiter dette gamle postkortet. Det viser ei spåkone som spår i kort og tyder hender. (Nasjonalbiblioteket).

Kor god er du til å forutsjå kva som kjem til å skje i 2022? Det kan du finne ut ved hjelp av denne uhøgtidelege testen.

Testen inneheld tjue spørsmål, som du etter beste evne skal svare på. (Er du synsk, er jo dette lett). Send inn svara via kontaktskjemaet som ligg under testen Her skriv du inn ditt eige namn, e-post lsansnes@gmail.com (legg merke til at @ allereie er på plass i feltet) og svara i meldingsfeltet. Trykk til slutt på send-knappen.

Den med flest rette svar vil få ein liten premie. Endar fleire på på høgaste poengsum, blir det loddtrekning. Svarfrist: 15. januar 2022.

Fasiten kjem om eit år!

1. Får vi feire den neste jula utan reglar for kor mange som kan samlast i private heimar?

2. Er den norske regjeringa samansett av dei same to partia som i dag ved årsskiftet 2022/2023?

3. Er Trygve Slagsvold Vedum finansminister ved årsskiftet 2022/2023?

4. Vil Erna Solberg dette året varsle tidspunktet for når ho går av som leiar i Høgre?

5. Er Sigve Brekke toppsjef for Telenor ved utgangen av året?

6. Er Kjetil Rekdal trenar for Rosenborg ved utgangen av året?

7. Vil Ole Gunnar Solskjær bli tilsett som hovudtrenar for ein norsk eliteserieklubb i løpet av 2022?

8. Vinn Halvor Egner Granerud individuelt gull under OL i  Bejing??

9. Vinn Johannes Høstflot Klæbo minst to individuelle gull under OL i Bejing?

10. Blir Viken fylke vedtatt oppløyst i 2022?

11. Blir ein eller fleire samanslåtte kommunar i Møre og Romsdal vedtatt delvis eller heilt oppløyst i 2022?

12. Overlever den sittande paven 2022?

13. Er Boris Johnson britisk statsminister ved utgangen av dette året?

14. Vil det kome forbod mot privat fyrverkeri før neste nyttårsfeiring?

15. Vil Dagsrevyen (19.00-sendinga) forandre på sendetidspunktet i løpet av 2022?

16. Vil minst ei av dei tre største avisene i Møre og Romsdal (Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke, Tidens Krav) redusere utgjevarfrekvensen for papirutgåva i løpet av året?

17. Vil den sittande sjefredaktøren i minst ei av desse avisene gå av eller varsle avgangen sin i løpet av året?

18. Blir Jens Stoltenberg ny sentralbanksjef?

19. Blir den nye kringkastingssjefen ei kvinne?

20. Går flyselskapet Norwegian konkurs i 2022?