Å nei, det går nok ikkje over

17.02.2021

Vi har hatt det mange - eg sjølv inkludert - vil kalle ein god, gammaldags etterjulsvinter med snø og kulde. Så da er det vel berre å avlyse heile klimakrisa?

Det er gode tider for klimafornektarar og -skeptikarar. I kommentarfelta er det mange som no boltrar seg med latterleggjering av klimaforskarane. Svindlarane er avslørt! Dei er berre ute etter å lure oss, plage oss og tene pengar. Vi visste det! Det er jo så kaldt. Sjå på all snøen.

Men nei, klimakrisa kan nok ikkje avlysast. Dokumentasjonen på ei menneskeskapt temperaturstigning er overveldande. Svaret på kvifor denne etterjulsvinteren vart som den vart, er såre enkelt. Det handlar kort og godt om eit høgtrykk, som hindrar lågtrykka i å kome inn frå havet, fortel klimaforskar Erik Kolstad til NRK. Dermed får vi kald og tørr luft frå aust, i staden for mild og våt luft inn over landet.

Forskinga viser at global oppvarming ikkje fungerer slik at det alltid blir varmt. Eit kjenneteikn ved ver og klima no til dags, er at det svingar mykje meir enn før. Vi skal ikkje lenger tilbake enn til desember i fjor for å finne ein månad der temperaturen låg godt over normalen.

Normalt sett har folk det med å stole på vitskapen. Vi legg oss inn på sjukehus i den tru at legane gjev oss den beste behandlinga som er å få. Når geologar varslar rasfare, forlet folk sine heimar utan å protestere. I det heile er tilliten til dokumenterbar kunnskap og vitskapelege funn stor.

Men unntaket ser ut til å vere klimaforskinga. I ein del kretsar, også politiske, blir den framleis møtt med skepsis, fornekting og påstandar om komplott mot verdas befolkning. Ein kan undrast på kvifor det er slik. Men svaret ligg kanskje i at vi menneska har ein innebygd trong til å skyve det som er ubehageleg og skremmande framom oss.

Den store forskjellen på oss som trur på menneskeskapte klimaendringar og klimafornektarane, er at det ikkje skjer ei katastrofe om det vi trur på skulle vise seg å vere feil. For klimafornektarane er det motsett. Dei har lagt framtida til etterkomarane våre i potten.