Tid for å tenke på jula igjen

01.06.2022

Eg har begynt å tenke på jula. Heftet Jul på Nordmøre skal ut i år også.

Arbeidet med 2022-utgåva er allereie godt i gang. Ein god del skribentar er på plass, og som leiar i skriftstyret, tykkjer eg det ser reint så bra ut.

Men heftet er ikkje fullt. Det er heller ikkje noko krise, langt i frå. Enno er det meir enn tre månader til deadlina. Vi har tid nok.

Jul på Nordmøre er inne i sin 87. årgang. Hundrevis av bidragsytarar har opp gjennom åra gjort sitt til at heftet er ein julegjest som svært mange nordmøringar ser fram til å få i hus. Det er triveleg, men også eit stort ansvar, å skulle føre denne tradisjonen vidare.

Når eg no går ut her på nettsida Vebju, er det for å oppfordre dei som kan sitte med tips til skribentar eller eigna stoff, om å gi meg eit vink. Gamle foto kan og vere interessant. Eg håpar å høyre frå deg!

Vi har ein stamme av trufaste pennar som bidrar jamt og trutt. Samtidig er det viktig med fornying og variasjon. Så skal Jul på Nordmøre sjølvsagt vere til å kjenne igjen kvart år. Slik må det vere med ein så rotfesta juletradisjon.