Tid for det magiske lyset

25.08.2022

Sakte sig hausten på. Her ute ved havet betyr det kveldar med fargespel og magiske solnedgangar.

Flotte solnedgangar krev at ein ser sola. Og den er jo ikkje alltid så nærverande. Men i dette så opne landskapet har til og med styggveret sin sjarm. Berre ikkje det blir altfor mykje av det, vel å merke. Kveldsdis, skodde, skyer og regn skaper også stemningsfulle fargar.

Bilda som er festa til denne vesle epistelen vart tatt tysdag denne veka. Det var ein vakker kveld. Etter ein runde i nærområdet vart det nokre bilde på minnekortet. Dei du ser her, var dei som passerte den strenge sensuren på Vebju.

(Klikk på bilda under for å sjå dei fullt format).