«Tiden leger alle sår, også hår»

07.06.2021

Nye tider skapar nye problem. Går vi femti år tilbake i tid, og vel så det, var ei av utfordringane til foreldregenerasjonen at gutane nekta å klippe seg. Dei skulle ha langt hår. Gjennombrotet til grupper som Beatles, Rolling Stones, Who og mange fleire sette griller i hovudet på den oppveksande slekta.

Etter kvart vart utfordringane uhandterlege. Men foreldrekapitulasjonen skjedde først etter at eg vart konfirmert.

I juni 2021 er det femti år sidan eg gjekk for presten. Før den store dagen måtte eg til frisør. Far min kjørte meg til Skei, og eg ante det verste. Da eg var komen opp i stolen spurte frisøren: «Ska'n kommfærmerast na kar'n der?» Jau da, mitt faderlege opphav kunne stadfeste at det stemte.

Dette må frisøren ha oppfatta som eit klarsignal til å gå særs grundig verks. Han greip til ei maskin, og få minutt seinare var eg snauklipt. Skaden var total - og på kort sikt uoppretteleg. Frisøren meinte derimot at sveisen no var anstendig for ein konfirmant, og han som betalte likeså. Sjølv var eg vel bortimot sjokkskadd. Mor mi braut heller ikkje ut i ellevill jubel da den håpefulle kom heim - for å seie det veldig beherska.

Men konfirmert vart eg, og dagen vart akkurat så minnerik og vellukka som eg hadde håpa på. Den minimalistiske hårsveisen la ikkje ein dempar på noko som helst.

Det vart deretter inngått eit slags kompromiss mellom dei to leirane i Utigard. Sidan far min hadde fått det som han ville til konfirmasjonen, oppnådde eg og mor mi aksept for at fotograferinga hos Børre Strand måtte utsettast lengst mogleg, slik at håret vaks ut igjen. Det hjelpte litt. Men som bildet viser, var det framleis få teikn til det som på den tida - med ikkje så reint lite forakt - vart kalla «bitelssveis».

I dag er dette berre ei artig historie. Veldig alvorleg var vel ikkje tildraginga den gongen, heller. Og som sagt, det gjekk ikkje lenge før alle hårprinsipp måtte vike, både i Utigard og dei fleste andre heimar. To år seinare vart bror min konfirmert. Han såg ut som ein hårvott. Eg, som to år tidlegare vart konfirmert og no var gymnasiast, sprada rundt med hår nesten ned til skuldrene.

Ein laurdagskveld nokre år etter konfirmasjonen var eg og min gode ven Bjarne på besøk i eit hus på Eidet. Der sat to snerte jenter frå Bøfjorden barnevakt. Det gjekk slik til at den eine av dei klipte meg. Diplomaten Bjarne konkluderte på dette viset da verket var fullført: «Tiden leger alle sår, Lars. Også hår».

Desse trøystande orda hadde gjort godt etter konfirmasjonsklippen, også. Men dessverre var ikkje Bjarne med.