Til minne om ein banebrytande joikar - og eit tilbakeblikk på MGP-finalen i 1980

10.11.2022

Denne veka kom meldinga om at Mattis Hætta gjekk bort 9. november. Hætta vart landskjent, da han og Sverre Kjelsberg i 1980 vann den norske Grand Prix-finalen med songen Sámiid ædnan.

Mattis Hætta vart 63 år gammal. Han døydde av sjukdom. Sverre Kjelsberg gjekk bort i 2016, fire månader før han ville ha fylt 70.

For folk flest vil Mattis Hætta for alltid vere han som tok joik inn i Melodi Grand Prix. Her var han ein pioner. Men gjennom livet markerte han seg også sterkt på andre område. Hætta var songar, joikar og skuespelar i ei lang rekke produksjonar. I 1979 var han aktiv under demonstrasjonane mot Alta-utbygginga.

Songen Sámiid ædnan var noko langt meir enn lett underhaldning. Tittelen betyr samisk jord. Teksta refererer til samane sin kamp for rettferd og auka status. Songen er også ei støtte til sveltestreiken framfor Stortinget i samband med Alta-saka. Vi høyrer det for oss, den dag i dag: Framførr tinget der dem satt, Sámiid ædnan, Sámiid ædnan.

Sámiid ædnan bidrog til å løfte fram samane si sak, både nasjonalt og internasjonalt. Det er utan tvil den viktigaste songen i norsk MGP-historie.

Blant dei som hyller Mattis Hætta sin innsats for samiske interesser og kultur, er kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Ho gir Hætta ein stor del av æra for den auka bevisstheita rundt samiske interesser på 70-talet, og seier at Hætta sitt samfunnsengasjement sette sitt preg på det norske samfunnet.

Spennande finale

I denne omtalen av Mattis Hætta, kan det passe å ta eit tilbakeblikk på Melodi Grand Prix-finalen i 1980. Dette året gjorde NRK store endringar i konseptet, og inviterte ti landskjente komponistar til å delta. Mellom desse var Henning Sommerro, Åge Aleksandersen, Radka Toneff, Jan Eggum og Ketil Bjørnstad.

Fleire av songane, som Henning Sommerro sin Auståvind med tekst av Jørgen Gravvold, hadde eit klårt politisk bodskap. Det same gjaldt Bjørnen sover med Åge Aleksandersen. Både Auståvind og Bjørnen sover hadde tekster med spark til den store kjempa i aust, Sovjetunionen, og den kalde krigen.

Som vanleg var på denne tida, vart songane i Melodi Grand Prix-finalen i 1980 dominert av eit stort orkester leia av Egil Monn-Iversen. Litt uærbødig vil eg påstå at Egil Monn-Iversen, med sine arrangement, gjennom ein del år tok livet av mange MGP-bidrag med stort potensial.

I 1980 vart finalen i Melodi Grand Prix-finalen avgjort av ein fagjury. Dette var lenge før folket fekk ha eit ord med i laget. Avstemninga vart særs spennande. Etter første avstemningsrunde landa Sámiid ædnan og Bjørnen sover på lik poengsum. Dette måtte derfor ein ny avstemningsrunde til, der dei ni fagdommarane ga kvar si stemme til ein av songane. Resultatet vart 5-4 i favør av Sámiid ædnan.

I motsetnad til det som var tradisjonen, altså slakt, var avisene positive etter finalen. VG skreiv at «denne gang hadde man følelsen av å få et tverrsnitt av dagens lette musikkliv i Norge på godt og vondt», medan Aftenposten meinte at Sámiid ædnan var den beste vinnaren på mange år.

Mange ekspertar, også utanlandske, tippa at Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta ville oppnå ei høg plassering under den internasjonale finalen i Haag. Slik gjekk det, nær sagt som vanleg, ikkje. Sámiid ædnan vart nummer 16 av 19 bidrag.

No er altså både Kjelsberg og Hætta borte. Men som det står i songen: «Joik har større kraft enn krutt. Førr en joik tar aldri slutt».