Tilbake til kvardagen etter verdas lengste påskeferie

05.04.2021

Ei påske som reint værmessig vart svært så lite minneverdig, er straks over. Ole Nordmann må tilbake til kvardagen, etter det som er sagt å vere verdas lengste påskeferie. Vi deler denne plasseringa med Danmark og Island. Desse tre landa er dei einaste i verda der påska består av fem samanhengande helge- og helligdagar, med fri både skjærtorsdag, langfredag og 2. påskedag. I andre land er ein eller fleire av desse tre dagane vanleg kvardag.

Desse landa har fire samanhengande helge- eller helligdagar i påska: Storbritannia, Finland, Tyskland, Australia og Spania. Tre dagar: Sverige, Frankrike og Italia. Kortast påske har USA, der høgtida kun er ei vanleg helg. (Kjelde: Aftenposten).

Når det gjeld den norske påskefeiringa, er det vel også rett å seie at den i dag strekker seg over mykje meir enn fem dagar. Folk dreg gjerne til hyttene sine i god tid før palmehelga, slik at påskeferien for mange har vorte halvanna veke lang.

For eigen del fekk eit par døgn på Tæla. Svært dårlege vermeldingar gjorde at eg braut opp 1. påskedag. Det var nok ei fornuftig avgjerd. Men sjølv om påskeveret var noko av det mest miserable eg har opplevd, vart det trivelege dagar i eige selskap i Tælastuå. Hyttenabo Bjarne braut seg også opp liene påskelaurdag, slik at vi fekk ei triveleg kaffestund i lag. Bortsett frå nokre ryper, såg eg ikkje snurten av andre levande vesen under opphaldet.

No er den 30. hyttesesong på Tæla i gang for både meg og Bjarne. Det skal ikkje bli lenge til neste tur.