Tilbakeblikk: Aktuell og Nå - populære vekeblad med ulik politisk ståstad

06.09.2021

På dagen 26 år etter at Billedbladet Nå kom ut med sitt siste nummer, kan det passe å ta eit lite tilbakeblikk både på dette bladet og den nære slektningen Aktuell, som la inn årene i 1974.

Aktuell kom først, og vart grunnlagt i 1945. Hensikta med det nye bilde- og reportasjebladet var å fremje arbeidarrørsla i Norge. Den første utgåva selde 120.000 eksemplar. Til samanlikning hadde Hjemmet, Norges største ukeblad, i fjor eit opplag på 124.000. Aktuell var eit kjærekome og populært tilbod.

Innføring av bladmoms i 1970 var ein viktig grunn til at Aktuell til slutt måtte gje opp. Ein annan årsak til nedlegginga skal vere at redaksjonen, i motsetnad til dei dominerande eigarane LO, Arbeiderpartiet og Kooperasjonen, gjekk mot norsk medlemsskap i EF i 1972.

Nå, frå 1957 Billedbladet Nå, kom på banen i 1952. Bladet vart stifta av den konservative organisasjonen Libertas, og var meint som ei motvekt til Aktuell. Sett bort frå dei ulike ideologiske ståstadane, hadde dei to blada mykje til felles innhaldsmessig.

Mot slutten av si levetid, etter at Libertas selde seg ut, vart Nå meir og meir likt Se og Hør. Den konkurransen vart for hard, og nedlegginga kom altså i 6. september 1995.

Far min kjøpte ofte desse blada. Eg og eldste bror min tykte det var gjevt, da både Aktuell og Nå ofte innheldt mange sider med sport. Vi las og klipte ut bilda, som på den tida hadde ein heilt annan kvalitet enn det dei blyproduserte avisene klarte å trykke.