To kyniske kapitalistar

18.05.2022

18. mai. Marknadskreftene og kapitalismen rår i Robinsonmarka 26 - ikkje bakrusen.

Det er så mange som er ute etter pengane våre. Her i Bud opplever vi no at Istad og Neas gjer sine hoser stadig grønare i kampen om breibandkundane. Konkurransen mellom dei to leverandørane gjer at eg og Mette etter fire år i Bud kan skilte med to periodar som kundar hos Neas, og ein hos Istad.

Eg er eigentleg dårleg på slikt. Min ulønsame leveregel har alltid vore å ta det første og beste, for deretter å halde kjeft og ta konsekvensane. Pruting kan eg aboslutt ingenting om. Men no ser til og med eg at kampen mellom Neas og Istad faktisk er til gunst for mi eiga lommebok.

Da vi kom hit i 2018, teikna vi avtale med Neas. Kabelen låg klar heilt inntil veggen. To år seinare meldt Istad seg på arenaen. Dei lokka med låg pris og kostnadsfri legging av kabel. Nesten heile nabolaget her, inkludert oss i nr. 26, beit på.

Så vart det konflikt mellom TV2 og Altibox. Det betydde at vi som var Istad-kunder mista TV2 frå 1. april i år. Framleis er kanalen svart på våre skjermar. Kva TV2 og Altibox tenker på, forstår ikkje eg. Begge partar må da tape enorme summar å ikkje finne ein avtale som er til å leve ned.

Men nok om det. Det langvarige brotet mellom TV2 og Altibox vart ei lissepasning til Neas. For eit par veker sidan var dei ute på friarferd her i bygda. Agnet var ein årspris 5.000 - 6.000 kroner billegare enn Istad, og - sjølvsagt - ein pakke som innheld TV2.

Eg kan styre meg for eit slikt spel. Men så prektige er likevel verken eg eller Mette, at vi takkar nei til fleire tusen kroner. Utan å løfte ein finger, til og med. Så frå og med i dag er vi igjen Neas-kunder. Ein særs triveleg, hjelpsam og dyktig montør kom på besøk i formiddag. Etter eit par timar var han ferdig, og alt var på plass.

No ligg det både Neas- og Istad-kabel inn til huset vårt. Ein treng sjølvsagt ikkje å vere rakettforskar for å forstå kva som kjem til å skje om eit år eller to. Da er Istad på banen igjen, med ein pris som ligg under det vi betaler til konkurrenten.

Dei får kome når dei vil. Vi tek det som er billegast. Kyniske kapitalistar har vi vorte. På våre gamle dagar.