Usportsleg og egoistisk

29.12.2021

For 16. gong kan vi som likar langrenn benke oss framfor TV-apparatet for å følge med på Tour de Ski. Tour'en var i si tid tenkt som eit flaggskip, som skulle blåse nytt liv i ei dalande interesse for langrenn.

Ideen er glimrande. Men det meiner visst ikkje alle løparane. Dessverre ser vi år etter år at fleire av dei beste droppar Tour de Ski til fordel for VM- eller OL-førebuingar. I år glimrar m.a. Therese Johaug med sitt fråver.

Å gå langrenn er jobben til desse løparane. Deirfor meiner eg at dei har med å stille på arbeid som anna folk, og ikkje kome og gå når det passar dei. Fordi: Forbunda satsar store ressursar på å legge forholda best mogleg til rette for trening, seier og suksess. TV-selskapa kjøper rettane til renna for enorme summar. Og, ikkje minst, publikum har krav på å få det produktet dei har betalt for.

Denne nye greina som no breier om seg i internasjonalt langrenn, å stå over, vil på sikt vere til stor skade for ein idrett som allereie står i fare for å ende opp som ein aktivitet for nokre få, spesielt interesserte land. Sottesenga treng ikkje å vere så langt unna. Dersom ikkje dei som styrer langrennssporten tek grep og stiller krav til løparane om å kome på jobb, risikerer vi at Tour de Ski utviklar seg til ei dvask B-turnering som ingen bryr seg om. Innafor ein syklus på fire år er det tre meisterskap. Skal ein fulltalig internasjonal elite stille til start i Tour de Ski berre kvart fjerde år, døyr Tour'en - og dermed ein viktig del av langrennssporten.

Godt betalte idrettsutøvarar som Therese Johaug og andre bør sjå seg sjølv i spegelen og tenke over kven dei er og kven dei er til for.

Å stå over Tour de Ski er å skyte seg sjølv i foten.

Det er usportsleg.

Det er egoistisk.