Trettande dag jul: Ein gong ein viktig høgtidsdag

06.01.2022

6. januar er trettande dag jul. I vår moderne tid betyr dagen lite her til lands, anna enn at ein del meiner dette er rette tidspunktet for å pakke ned julepynten. I historisk samanheng er derimot trettandedagen ein viktig kristen høgtidsdag.

Trettande dag jul er også kalla heilage tre kongars dag, gamle juledag, epifani eller Kristi openberringsdag. Dagen er til minne om openberringa av Jesus til verda, i austleg kristendom med fokus på dåpen hans, i vestleg kristendom ved at tre vise menn, eller kongar, vitja det nyleg fødde Jesusbarnet.

Trettandedag kan avmerkast på primstaven med tre kroner, tre kors eller tre menn.

Dagen er ein tradisjonell slutt på jula, og i katolsk tradisjon overgangen til karnevalet. Han blir innleidd av tolvte dag jul, heilagetrekongarsaftan, og følgd av tjuandedag ein oktav seinare.

I ein del land har denne dagen framleis høg status. I den ortodokse kyrkja er dagen ei av dei tolv store høgtidene. I Spania er 6. januar som julaftan å rekne. I Sverige og Finland er trettandedagen offentleg heilagdag.

Dagen var heilagdag i Danmark-Noreg fram til festdagsreduksjonen i 1771 og vart sidan halde som slenghelg, ein dag då tenarane fekk fri, men kunne gjere lett arbeid for seg sjølve, fram mot moderne tid. I Den norske kyrkja er feiringa av dagen flytta til Kristi openberrings sundag. I vår tid er trettandedagen også ein dag det mange stader er tradisjon for juletrefestar.

Som dei fleste andre merkedagar, har trettandedagen sin plass i folketrua. I Sogn sa dei at «Heilagtrekongar klår gjev godt år». Også andre stader trudde dei at veret på trettandedagen var eit varsel om korleis ver og avlingar skule bli seinare utover året. Som veret var på trettandedagen skulle det bli dei tre neste vekene, vart det sagt i Romsdal.

(Kjelde: Wikipedia/Store norske leksikon).