Turistane må få vite kva dei ser

21.08.2021

Etter ein liten ferietur, som m.a. gjekk over Sognefjellet, slår det meg at det er stor forskjell på korleis ulike kommunar og ulike strøk av landet er i stand til å skape stoppunkt som kan fange interessa til dei vegfarande.

Ofte skal det ikkje så mykje til. Folk er opptatt av fin natur. Får dei i tillegg informasjon om kva dei ser, gjev det opplevinga ein ekstra dimensjon.

Over Sognfjellet passerte vi med jamne mellomrom tilrettelagde plassar, der folk, i tillegg til å fotografere, kan skaffe seg kunnskap om det dei ser. Fjelltoppar, vatn og setrer - alt dette har jo namn. Bildet over er tatt frå eit fint oppbygd utsiktspunkt ved Jotunheimen Fjellstue. Vi ser elva Bøvre, og setrene Måfå (nærast) og Vassenden.

Landskapet her er vel ikkje spesielt spektakulært. Men skiltet som varslar eit utsiktspunkt gjorde at vi stoppa - og lærte nok nytt.

I Hustadvika kommune, der eg bur, er det gjort mykje for å gje turistane god informasjon. Men kva med mine to andre «heimkommunar», Surnadal og Sunndal? U-land, er vel svaret. Begge kommunane har utruleg mykje å by på. Men informasjonen til turistane er elendig.

Eit par døme: Dei som stoppar på Utsikten i Surnadal møter eit mektig fjellpanorama. Men dei får ikkje vite kva dei ser. Kva med noko så enkelt som ei skive og ein pil som viser namnet på toppane?

Fjellkommunen Sunndal har også Vinnu, den høgste Fossen i Europa og den sjette høgste i verda. Gjennom alle tider har turistane passert denne attraksjonen utan å ane kva dei har sett. Ikkje så mykje som eit lite skilt! Kanskje blir det no ei steintrapp opp til attraksjonen - om bakstreverske politikarar skulle finne på å halde fred.

Mange kommunar har mykje å gå på når det gjeld det eg her skriv om. Kostnadane treng ikkje å vere så store. Men så var det dette med viljen...